Byggearbeid i Posthuskrysset frå november

No startar neste steg i bygginga av kollektivknutepunktet i Ålesund, kor fleire sentrumsgater får ei oppgradering. Posthuskrysset blir framleis delvis stengt i perioden, men det kjem omkøyringsveg langs rutebilstasjonen.  

kartutsnitt over Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteAnleggsområdet er merka med blått. Omkøyringsvegen ved krysset er merka med oransje. Rambøll


Som vedtatt i reguleringsplan og i styringsgruppa for Bypakke Ålesund startar andre fase i bygginga av kollektivknutepunktet i midten av november. Det blir oppstart i løpet av veke 46. Korsegata og delar av Keiser Wilhelms gate blir stengt i byggeperioden. Det blir etablert ein mellombels veg for trafikk sør for krysset, som vist i illustrasjonen over.

Tre fasar for byggeperioden 

Arbeidet med kollektivknutepunktet er delt inn i tre ulike fasar, slik at det ikkje blir byggearbeid i alle områda samtidig. Først ut var Korsegata. Dette arbeidet er i rute, og nærmar seg ferdigstilling.  

- Anleggsområdet flyttar som planlagt over til posthuskrysset og delar av Keiser Wilhelms gate, opplyser Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune.  
- Dei første vekene vil arbeidet i hovudsak føregå i Posthuskrysset.  

Tidlegare har det vore kommunisert at større delar av gata må stengast i ein lengre periode, men det blir no lagt opp til ei løysing som gjer at byggetida i Keiser Wilhelms gate blir redusert. Når mindre delar av gata blir stengt samtidig, kan ein behalde ein del av parkeringsplassane i byggeperioden. Varelevering og tilkomst til garasjeanlegg i Keiser Wilhelms gate vil bli tilnærma som i dag, bortsett frå at utkøyringa til Posthuskrysset blir stengd.

- Vi har hatt dialog med næringsdrivande om løysingar for varelevering og tilkomst til garasjeanlegg i byggeperioden. Denne dialogen vil vi fortsette fram mot oppstart av neste fase, seier Vatnehol.
- Posthuskrysset blir opna for trafikk i april, og ein kan då køyre inn i Korsegata frå krysset.  

Ei gate for folkeliv 

Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom Hessa og Moa. Når prosjektet står ferdig, blir eitt kvartal av Keiser Wilhelms gate kollektivgate. Korsegata blir open for biltrafikk, men med busslommer på kvar side.  

- Vi får eit område som er godt tilrettelagt for mjuke trafikantar med breie, støypte fortau, brostein, nye tre og romslege venteskur. Gatene blir trivelegare og betre lagt til rette for folk og folkeliv enn sånn det er no, seier Vatnehol.

Slik køyrer bussen i byggeperioden

Når delar av Keiser Wilhelms gate blir stengt vil bybussane stoppe på St. Olavs plass. Avgangar på linje 100/101 får starthaldeplass Ålesund rutebilstasjon i byggeperioden.

Les meir om kollektivknutepunktet. 

kartutsnitt over Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteDet raude området viser Posthuskrysset og den delen av Keiser Wilhelms gate som blir stengt frå midten av november 2023 til om lag april 2024. Grøne strekar viser kor vegen er open for biltrafikk. Det blir en mellombels veg utanfor Posthuskrysset i retning rutebilstasjonen. Dei rosa strekane viser gangvegar i byggeperioden. Rambøll