Kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum

Ålesund sentrum har fått eit moderne og effektivt kollektivknutepunkt i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata. 

personer ved buss - Klikk for stort bileteKollektivknutepunktet har vore i bruk sidan desember 2024 Kristin Graskopf Ose


Kollektivknutepunktet erstatta den gamle rutebilstasjonen. Her er det av- og påstiging i staden for at bussane står å ventar lenge - og dermed tek opp plass i bysentrum. 

Kollektivknutepunktet er plassert i Korsegata og Keiser Wilhelmsgate. Omgjevnadane har også fått ei kraftig opprusting, med gode fortau og fine område for folk og opphalde seg på. 

Arbeidet starta i juni 2023, og kollektivkuntepunktet vart tatt i bruk i desember 2024. 

Byggherre

Møre og Romsdal fylkeskommune

Status

Fullført

Slik er resultatet blitt:

  • bybussane går frå frå Keiser Wilhelms gate
  • langdistansebussane og flybussane går frå Korsegata
  • området er lagt til rette for folk og folkeliv med breie, støypte fortau som er oppvarma på vinteren, tre i plantekasser og romslege venteskur
  • delen av knutepunktet som ligg i Keiser Wilhelms gate er stengd for gjennomgangstrafikk
  • Korsegata har gjennomgangstrafikk to vegar i tillegg til av- og påstigning for buss
  • Posthuskrysset er tilpassa slik at Keiser Wilhelms gate kan fortsette via Sørsida og over ny Brosundbro. Dette er planlagt i eit seinare prosjekt med Statens vegvesen. 
     

Les nyheitssaker om kollektivknutepunktet:

 

Person med saks og snor i gate - Klikk for stort bilete
Person i gangfelt - Klikk for stort bilete
Person i gangfelt - Klikk for stort bilete
Mennesker som går på gangfelt, og busser i begge retninger på kollektivknutepunktet.  - Klikk for stort bilete