Feira første spadetak på Breivika-Lerstad

7. april 2022 markerte Bypakke Ålesund oppstarten av nye E136 Breivika-Lerstad med eit symbolsk første spadetak. Når prosjektet står ferdig i 2026 vil det bety spesielt mykje for dei som har bu- og nærmiljøet sitt på Lerstad. 

Bilde frå markeringa av første spadetak. - Klikk for stort bileteFørste spadetak vart tatt av (frå venstre): Eva Vinje Aurdal (ordførar i Ålesund kommune), Tove Lise Torve (fylkesordførar i Møre og Romsdal), elevrådsrepresentantane Anita Lai Rønning og Louis Morstøl Nogva frå Lerstad skule, og Ove Nesje (prosjektdirektør i Statens vegvesen).

  

 

Sjølve spadetaket vart tatt i fellesskap av partane i Bypakke Ålesund, og med god hjelp frå elevrådsrepresentantane Anita Lai Rønning og Louis Morstøl Nogva frå Lerstad skole. Aspirantkorpset og første klasse ved Lerstad skole imponerte forsamlinga med flott korpsmusikk og song, og skapte ei fin ramme til arrangementet.

- Eit viktig spadetak for framtida, sa ordførar Eva Vinje Aurdal. 

Endeleg i gong! 

Når den tre kilometer lange tunnelen står ferdig i 2026 vil det gi eit stort løft for bydelen Lerstad. Gjennomgangstrafikken blir flytta vekk frå nærmiljøet, og det blir både mindre støy og tryggare å bevege seg i området. Staten vegvesen skal også bygge fire kilometer samanhengande gang- og sykkelveg mellom Moa og Lerstad, som i store deler av strekningen skal ligge i et parkdrag i god avstand fra bilvegen. Lengda på tunnelen blir på ca. 3 km. 

- Endeleg er vi i gang! Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vært planlagt i over 40 år, og er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund. Dette er ein tunnel som skal avlaste heile bydel Lerstad, og som også vil avlaste trafikken som i dag går over Åse. Langs den gamle Lerstadvegen skal vi også bygge ny gang- og sykkelveg som vil bli til stor glede for mange, fortalte prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Redusere reisetida for buss

- Ålesund veks, og skal halde fram med å vekse dei neste 50 åra. Vi må sikre at det er trygt å gå og sykle, at bussen kan kome raskt fram. Næringstrafikken skal sleppe å stange i kø, og unge familiar skal finne attraktive bo- og nærmiljø og urbane kvalitetar her hos oss, sa Tore Johan Øvstebø, leiar for styringsgruppa i Bypakke Ålesund. 

Den nye vegen vil også sørge for betre vegkapasitet til bussane. 

- Oppstarten av E136 Breivika-Lerstad markerer også oppstarten av Bypakke Ålesund, der vi i fellesskap skal ruste Ålesundsregionen for framtida med miljøvennlege, trygge og effektive samferdselsløysingar. Prosjektet har stor betydning for kollektivtransporten, fordi bussane kjem fortare fram og reisetida blir redusert, sa Tove Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal.

 Les meir om prosjektet E136 Breivika-Lerstad her