Ved rundkøyringa på Moa kjem tunellinnslaget for den nye Lerstadvegen.
Statens vegvesen
Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vore planlagt i over 40 år, og er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund.
Kvart døgn køyrer nær 15 000 bilar gjennom bydelen.
Den nye tunellen vil avlaste både dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Lengda blir på om lag 3 km.
Forholda for gåande og syklande på strekninga blir vesentleg forbetra som følge av tiltaket.
Frå Moa til Lerstad skal det byggast fire kilometer samanhengande gang- og sykkelveg. Traséen går frå Moa til Lerstad, forbi Lerstad skole og ut til rundkøyringa på Lerstad. På store delar av strekninga vil gang- og sykkelveg ligge i et parkdrag i god avstand frå bilvegen.
Gang- og sykkelvegen vil krysse under dagens E136 ved bensinstasjonen på Lerstad, og det er også planlagt tilkopling mot turvegsystemet ved Lerstadvatnet.
Heile strekninga vil ha eit felt for gåande og eit felt for syklande, skilt av ein smal rabatt.
Tunellinnslag Lerstad
Torgeir Emblem
Ved Lerstad skal det etablerast eit toplans kryss som erstattar dagens rundkøyring.
Ny veg mellom Breivika og Lerstad skal bidra til å fremje miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik.
Betre kapasitet og framkome på denne vegen vil også vere viktig for næringstransporten i Ålesund.
Sjå videoanimasjon av den nye vegen her:
Byggherre: Statens vegvesen
Status: Oppstart hausten 2022. Forventa ferdig i 2027
Planar: E136 Breivika–Lerstad på vegvesen.no