Fleire med AutoPASS-avtale i Ålesund enn andre stader

Talet på el-bilar aukar. Det same gjer talet på dei som har AutoPASS-avtale, og den er no på rekordhøge 95,8 prosent.

Bomstasjon på innfartsvegen med trafikk på vegen - Klikk for stort bilete

På møtet i styringsgruppa for Bypakke Ålesund fredag 9. desember vart det lagt fram nye tal for trafikken i Ålesund og gjennom bomstasjonane.

Heile 95,8 prosent av bilane som køyrer gjennom bomstasjonar i Ålesund har skaffa seg AutoPASS-avtale og brikke. Marius Maske, administrerande direktør i bompengeselskapet Vegamot seier dette er eit veldig høgt tal samanlikna med andre bypakkar.

Snittpris per passering på 9,20 kroner

Så mange med avtale betyr at av dei 3,3 millionar bompasseringane som var i november, så var nesten 3,2 millionar av passeringane frå bilar med brikke og gyldig avtale. Knappe 130.000 av passeringane var fullprispasseringar.

Og andel inntekt frå fullpris-passeringar har dermed gått ned frå 21,1 prosent til 12 prosent.

Samtidig har andelen elbilar har gått opp frå 20,46 prosent i midten av september til 22,6 prosent i november.

Om vi ser til andre bypakkar som Trondheim med rundt 30 prosent elbilar, så forventar vi at elbilandelen vil halde fram med å stige i Ålesund.

Mange med elbil og mange med brikke og avtale gjer at gjennomsnittprisen per passering no er kome ned i 9,20 kroner.

Sjølv om gjennomsnittsprisen på passeringar har gått ned er ein fortsatt innanfor det som det er lagt opp til i stortingsproposisjonen når det gjeld inntekt, mellom anna på grunn av trafikkveksten og at den totale trafikkmengda er 11 prosent over det som vart lagt til grunn i proposisjonen.

Trafikkvekst

Frå september til oktober auka trafikken med 1,93 prosent og frå oktober til november med 1,75 prosent, og mellom anna på grunn av trafikkveksten er ein fortsatt innanfor inntektsgrunnlaget som ligg i proposisjonen.

Marius Maske seier tala må sjåast på som eit augeblinks-bilde og at det er alt for kort tid til å kunne drage noko konklusjonar.

Det trengst eit år for at vi skal kunne gjere realistiske berekningar og tilpassingar. Lokalt køyremønster, turistar, tap på fordringar og andel med avtale er slikt vi må sjå på over tid og gjennom sesongvariasjonar i eit år.

Slik skaffar du deg gyldig avtale og gratispasseringar