Fredag opnar Posthuskrysset og Korsegata

Frå fredag kveld 19. april kan ein igjen køyre gjennom Posthuskrysset og Korsegata. Gata har fått ei betydeleg oppgradering i samband med bygging av kollektivknutepunktet.

Gate med hus på hver side - Klikk for stort bileteKorsegata opnar fredag kveld. Kannan Ponnampalam

Området har vore stengt sidan november, og trafikken langs Rutebilstasjonen har gått via ein mellombels veg sør for Posthuskrysset. Frå om lag kl. 21.00 fredag kveld vil ein kunne køyre i Posthuskrysset og Korsegata. Innkøyringa til Keiser Wilhelms gate frå Posthuskrysset vil vere stengt fram til opninga av kollektivknutepunktet i november. 

- Trafikkomlegginga har gått bra i perioden, men vi ser vi fram til å opne Korsegata fredag kveld. Denne har fått ei oppgradering med mellom anna gode fortau, sykkelstativ og plantar, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Erlend Aune.

Han opplyser at fotgjengarar og kan bruke ein ny snarveg. Trappa midt i Korsegata binder saman Rasmus Rønnebergsgate mellom Hellebroa og Grimmerhaugen, slik det var i eldre tider i Ålesund.

Siste fase i arbeidet

Arbeidet med kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum er inndelt i fasar slik at det ikkje er byggearbeid i alle områda samtidig.  

- Vi er no inne i siste fase av byggeperioden i sentrumsgatene, seier Aune.  

- I byggeperioden har vi jamleg dialog med bebuarar og næringsdrivande om løysingar for varelevering, parkering og liknande.

Som ein del av prosjektet har Korsegata fått haldeplassar for langdistansebussar, men det blir ingen endringar i rutetidene eller haldeplassar no. Bussane skal ikkje køyre i Korsegata før heile kollektivknutepunktet står ferdig til hausten.  

Trivelegare gater

Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom Hessa og Moa. Når prosjektet står ferdig, blir eitt kvartal av Keiser Wilhelms gate kollektivgate. Korsegata blir open for biltrafikk, men med busslommer på kvar side. Området blir tilrettelagt for folkeliv med breie, støypte fortau, brustein og nye tre.  

Les meir på nettsida til prosjektet

Gate med gravemaskin - Klikk for stort biletePosthuskrysset blir ferdig asfaltert til fredag kveld. Sunniva Ullavik Erstad