Har du ikkje AutoPass-avtale?

Du som manglar AutoPASS-avtale får faktura for alle bompasseringar utan rabatt. Fakturaen kjem då frå Vegamot. Skaff deg AutoPass-avtale og brikke for å få tilgang til rabattordningar. 

Bom over en vei  - Klikk for stort bileteBomstasjon Volsdalen Bypakke Ålesund

I Ålesund er det heile 95,8 prosent av bilane som køyrer gjennom bomstasjonar i Ålesund som har skaffa seg AutoPASS-avtale og brikke. Dette er eit veldig høgt tal samanlikna med andre bypakkar.

Det kan vere lurt å logge seg inn og følgje med på din Auto-Pass-avtale med ditt AutoPass-selskap. Om du for eksempel har kjøpt deg ein ny bil, så kan det vere lurt å registrere autopassbrikka på riktig bil. Dersom det ikkje meldast om bilbytte, og brikken flyttast over, vil eigaren bli belasta på bilskiltet ved fotografering. For å unngå å betale for andre sine passeringar gjennom bomstasjonane er det difor viktig å ha ein AutoPass-avtale som er knytt til riktig køyretøy.

Det kan også vere lurt å logge seg inn hos utstedar av autopassbrikka og sjekke at avtalen fortsatt er gyldig og at du får rabatten du har krav på.

Autopass-avtale gir rabattar

Les meir om prisar og rabattar

Har du ein gyldig AutoPASS-avtale med brikke, så vil den gjelde i Bypakke Ålesund og andre bompengeanlegg i AutoPASS-Samvirke. Men, brikka kan også vere knytta til ein forskotsavtale på AutoPASS-ferje og dette er to separate ordningar. Forskotet på AutoPASS ferje vil ikkje kunne brukast for bompasseringar på veg. Bompengane vert fakturert på etterskot frå  selskapet der du har bestilt brikke. Skal du ha avtale både for ferje og veg, må begge avtalane vere oppdatert med korrekt informasjon for å vere gyldig.

Når du bestiller AutoPASS-avtale får du tilsendt ei brikke som skal festast i frontruta på bilen. Då blir passeringane dine automatisk registrert, og du får rabattane.

Slik får du AutoPass-avtale

Du inngår AutoPASS-avtale og bestiller brikke på nettsidene til dei ulike selskapa. Ta kontakt med eit av selskapa om du treng hjelp.

Gammal brikke og usikker på om du har gyldig AutoPASS-avtale?

Då kan du ta kontakt med bompengeselskapet Vegamot. Dei treng brikkenummeret som står på sjølve brikka for å sjekke om du har avtale. Du kan ringe på 73 82 48 80 eller sende e-post til kontakt@vegamot.no