Prisar og rabattar

Frå 2. januar 2025 er det nye prisar i bomstasjonene i Ålesund. Her finn du oversikt over alle priser og rabattordningar i Bypakke Ålesund. 

Alle bomstasjonane i Ålesund har tovegsinnkrevjing, som betyr at du må betale bompengar i begge retningar. Prisane blir justert ein gang i året. 

Rabattar med AutoPASS-avtale

Timesregel: Du betalar berre for ei passering i timen sjølv om du køyrer gjennom fleire bomstasjonar. Timesregelen gjeld i alle bomstasjonar og i begge retningar. Timesregelen gjeld både for dei som har AutoPASS-avtale og dei som ikkje har det. 

Månadstak for takstgruppe 1 og 2: Du betalar berre for 60 passeringar i månaden. Månadstak gjeld for kvar kalendermånad, og per køyretøy. Månadstak gjeld berre for dei med AutoPASS-avtale.

Slik skaffer deg brikke og AutoPASS-avtale. 

Prisar

Takstgruppe 1

Personbil (bensin-, diesel- og hybridkøyretøy), inkl. varebilar under 3500 kg, hybridbilar og køyretøy registrert som M1

  • Pris med avtale: 24 kroner
  • Pris utan avtale: 30 kroner
  • Månadstak for ein personbil med AutoPASS-avtale blir 1440 kroner (60 passeringar per kalendermåned).

 

Elbil og hydrogenbil (nullutsleppsbilar)

  • Pris med avtale: 12 kroner
  • Pris utan avtale: 30 kroner
  • Elbilar med AutoPASS-avtale får 50 prosent rabatt, i tillegg til 20 prosent rabatt fordi dei har AutoPASS-avtale.
  • Månadstak for ein elbil med AutoPASS-avtale blir 720 kroner (60 passeringar per kalendermåned).

Takstgruppe 2 (over 3500 kg)

  • 60 kroner
  • Månadstak for takstgruppe 2 med AutoPASS-avtale er 3600 kroner (60 passeringar per kalendermåned).
  • Nullutsleppskøyretøy over 3500 kilo er fritatt bompengar når dei har AutoPASS-avtale. 
  • Personbilar med tillaten totalvekt over 3 500 kg registrert i køyretøykategori M1 i Autosys med gyldig AutoPASS-avtale og brikke, får takstar som køyretøy i takstgruppe 1.
  • Køyretøy i takstgruppe 2 som er registrert på føretak eller brukast i næringsverksemd må ha gyldig AutoPASS-avtale. Les meir om obligatorisk AutoPASS-avtale for takstgruppe 2 her

 

Fritak og unntak for betaling

Forflyttingshemma med HC-kort kan søke om fritak.  Motorsyklar, mopedar, mopedbilar har fritak utan brikke. Kollektivtransport i rute må søke bompengeselskapet om fritak. Utrykkingskøyretøy har fritak og registreres automatisk i køyretøyregisteret. Alle spørsmål om fritak må rettes til Vegamot.