Informerte engasjerte naboar om framdrifta på Åse kollektivpunkt

Tysdag arrangerte Statens vegvesen og Vasto Anlegg AS informasjonsmøte om det nye kollektivpunktet på Åse.

Kåre Rolandsen står foran ein PC-skjerm og held ein presentasjon - Klikk for stort bileteByggeleiar Kåre Rolandsen fortalte om kva som skal byggast, og kva konsekvensar det får for naboane i byggetida. Statens vegvesen

Prosjektet skal bidra til å korte reisetida mellom sentrum og Moa, og bussane skal ikkje lenger køyre ned til sjukehuset.

Lyskrysset vil bli bygd om, og vegen frå boligområdet på nordsida vil bli flytta. Samstundes skal det byggast sykkelfelt og fortau på oppsida av Borgundvegen innover mot Moa.

Vasto Anlegg AS er godt i gang med gravinga på Åse. Ålesund kommune

Snart blir det sprenging 

I veke 29, 30, og 31 blir det ferie på anlegget. Rett etter ferien startar arbeidet med boring og sprenging. Før det vil alle naboar til anlegget vil få ein SMS frå Statens vegvesen med informasjon om kva som skal skje. I SMS’en vil naboane også bli oppfordra til å melde seg på ei varslingsteneste som varslar før kvar enkelt sprenging.  

Prosjektet skal i all hovudsak vere ferdig før jul i 2023. Då vil tilkomsten til sjukehuset stå att, og dette vil bli utført samtidig med at det skal byggast parkeringshus ved sjukehuset. 

Illustrasjon av korleis kollektivpunktet skal bli på Åse.  - Klikk for stort bileteDette utsnittet frå vegmodellen viser korleis kollektivpunktet skal bli når det er ferdig. Illustrasjon av Statens vegvesen

Dette skal gjerast i krysset

  • Nye busslommer på kvar side av vegen, med leskur som liknar dei nye på Moa.
  • Kun ei lysregulering i krysset.
  • Fotgjengarovergang kun eit stad, ved dagens hovedkryss/vegen ned til sjukehuset.
  • Atkomst til sjukehusområdet via parkeringshus på sørsida av vegen, med heis og trappeløp.
  • Fortau også på nordsida av vegen, frå busstoppet og mot Moa.
  • Sykkelfelt, gjennom krysset, sykkelfeltet går bak busslommane. 

 

Ønsker du å sjå presentasjonen frå informasjonsmøtet om Åse kollektivpunkt?

Les her: Informasjonsmøte Åse kollektivpunkt  (PDF, 3 MB)