Innfører månadstak for tunge køyretøy i Ålesund

Frå 1. september er det innført passeringstak på 60 betalande passeringar pr. månad for køyretøy i Takstgruppe 2.

Tyngre køyretøy køyrande i rundkjøringa mot Blindheim - Klikk for stort bileteFrå 1. september får tyngre køyretøy også nytte månadstak i sin AutoPASS-avtale. Ålesund kommune

Tidlegare i år fremja Styringsgruppa i Bypakke Ålesund ei sak til politisk behandling om innføring av månadstak også for takstgruppe 2, på lik linje med fleire andre bypakkar i Noreg. Køyretøy i takstgruppe 2 omfattar køyretøy med lovleg totalvekt frå og med 3501 kg, unntatt køyretøy som er registrerte i køyretøykategori M1.

Månadstak er ei ordning med eit tak på tal passeringar pr. køyretøy som det skal betalast for innanfor ein kalendermånad. For takstgruppe 1 er det i dag eit felles passeringstak på 60 passeringar gjeldande for alle bomstasjonane i bypakka. Det som presenterast no er ei lik ordning for køyretøy i takstgruppe 2. 

Ei god ordning for næringstrafikken

Frå 1. september er det ikkje berre vanleg personbil som får nytte månadstaket, men også blant anna tyngre køyretøy i næringa. Køyretøy i takstgruppe 2 som vil omfattast av ordninga med månadstak er i hovudsak næringstrafikk, til dømes køyretøy som frakter varer innanfor byområdet, køyretøy innan renovasjon og buss utanfor rute.

Forslaget om å innføre månadstak for tyngre køyretøy i Ålesund blei fremma for formannskapet og godkjent i kommunestyret tidlegare i år. Om du er innanfor takstgruppe 2 og skal få nytte månadstaket, er det no viktig at du har ein gyldig Auto-PASS-avtale.

Eg er glad for at dette har kome på plass. Det har tatt noko tid, men no får endeleg dei tunge køyretøya innanfor takstgruppe 2 dei same fordelane som vanleg personbil i takstgruppe 1, seier Tore Johan Øvstebø, leiar i Bypakke Ålesund.

Kunngjering frå Vegamot 

Timesregel for dei utan AutoPASS-avtale

Det blir også ei endring på dei som får nytte timesregelen på bomstasjonane i Ålesund. No skal timesregelen gjelde for alle bilistar – med eller utan brikke. Dette betyr at alle kan passere ein bomring ubegrensa innanfor ein time og berre belastast for ei passering.

Dette betyr at rabatten bilistar med brikke har hatt i alle år også skal omfatte bilistar utan brikkeavtale, seier administrerande direktør Vidar Raa i Skyttelpass i ei pressemelding.

Det er likevel viktig å presisere at dei som køyrer gjennom bomstasjonar i Ålesund utan Auto-PASS-avtale ikkje får rabatt. I Ålesund har veldig mange oppretta ein AutoPASS-avtale og får rabatten dei har rett på. I følgje Vegamot var 95 % av passeringane i bomstasjonane i Ålesund frå januar til juli i år gjort av køyretøy med gyldig AutoPASS-avtale.  

Frå 1. september skal timesregelen gjelde for alle bilistar – med eller utan brikke. Ålesund kommune

 

 

 

 

Les meir om månadstak og korleis du opprettar ein avtale her

Kunngjering frå Vegamot