Månadstak og maks 60 passeringar

Har du brikke og gyldig AutoPASS-avtale skal du berre betale for 60 passeringar i månaden, men korleis kan då fakturaen vere høgare enn maksbeløpet!?

Det har kome mange spørsmål om dette med månadstak fordi mange har tenkt at gir makspris skal vere det same som det du skal betale når du får fakturaen. Slik er det ikkje. 

Først: For å ha makspris og månadstak så må du ha gyldig Auto-PASS-avtale.

Sjå meir om korleis du opprettar avtale her. 

Med avtale har du månadstak og skal ikkje betale for meir enn 60 passeringar innanfor ein kalendermånad (ikkje frå den dagen du opprettar avtale). 

Makspris per månad for 60 passeringar i Ålesund er 624 kroner for elbil og 1248 kroner for anna personbil (august 2022) .

Korleis kan du då få faktura på ein høgare sum?

Det heng saman med at fakturaen du har fått ikkje  nødvendigvis gjeld for ein kalendermånad. Det er det enkelte selskap som bestemmer korleis faktureringa skjer, og fakturaen kan gjelde periode eller størrelse på krav og gjeld dermed ikkje nødvendigvis ein kalendermånad.

Så, medan månadstaket gjeld frå den første til den siste dagen i månaden kan fakturaen strekke seg over ein lengre periode. Slik kan summen du skal betale på ein faktura blir høgare enn månadstaket. Men, brikkeselskapa forsikrar om at dei har kontroll på antal passeringar og sjølv om fakturasummen kan vere høgare, betaler du ikkje for meir enn for 60 passeringar per køyretøy per kalendermånad. 

På fakturaen vil det dessutan kome både passeringar i bomstasjonar andre stader enn i Ålesund og ferjeturar, noko som også vil påverke fakturasummen. 

Oversikt på MinSide

Lurer du på kva type passeringar du har, kor mange passeringar du har eller talet på gratispasseringar, så kan du gå til MinSide hos selskapet der du har AutoPASS-avtale. Der finn du full oversikt.

Når du har brikke, kjem vanlegvis kjem informasjon om passeringar på MinSide dagen etter du køyrde gjennom bomstasjonen. Dersom passeringa er knytt til bilde av passeringa, tek det lenger tid.

Har du spørsmål knytt til passeringar, så skal du ta kontakt med selskapet du har avtale med.