Innspel om trafikktrykkingstiltak ved Volsdalen skole

Prosjektet ved Volsdalen skole skal bli vidareutvikla i eit mindre omfang enn opphavleg planlagt. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer naboar og aktørar til å kome med innspel.    

Torgeir Emblem

Bypakke Ålesund arbeidar vidare med trafikktrygginstiltak ved Volsdalen skole. Strekninga det gjeld er Borgundvegen mellom Hellandbakken til Volsdalsbakken. Prosjektet har framleis som mål å legge betre til rette for mjuke trafikantar, og styringsgruppa har bedt om å sjå på moglegheiter for trafikktryggingstiltak i ein meir avgrensa versjon.  

I den samanhengen ønsker vi innspel frå dei som har verksemd eller interesser knytt til området. Vi inviterer til å dele synspunkt, behov og forslag til gode løysingar.  

Dette er eit fysisk møte. Det blir ikkje lagt til rette for digitalt møte.  

Tid: Torsdag 1. oktober kl. 17.00
Stad: Volsdalen menighetshus

Les meir om det opphavelege prosjektet.