Forarbeidet til Lerstadtunnelen er ferdig. I starten av 2024 sett Bypakke Ålesund i gang sjølve arbeidet med den nye tunnelen.
Statens vegvesen
Entreprenørselskapet var ein av fire leverandørar som etter prekvalifisering fekk invitasjon til å levare tilbod på oppdraget, og det var NCC som hadde best forhold mellom pris og kvalitet.
Eg er nøgd med konkurransen som starta allereie i mai. Det er ein lang og grundig prosess vi har vore gjennom med tilbyderne. Etter forhandlingsrunden er det NCC Norge som har levert det beste tilbodet, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.
NCC Norge AS er innstilt som vinnar av anbudskonkurransen med ein tilbodssum på ca. 1,48 milliarder kroner eks. mva. Prisnivået på tilboda som kom inn var omtrent som Statens vegvesen hadde forventa for denne entreprisa.
Tilbyderne hadde følgande tilbodssummar (eks. mva):
Rangering | Entreprenør | Tilbodssum |
1 | NCC Norge AS | 1 477 964 737,15,- |
2 | JV Implenia Norge AS Allgrunn AS | 1 662 123 302,59,- |
3 | AF Gruppen Norge AS | 1 705 338 531,67,- |
Klagefristen for tilbyderne er 22. desember. Dersom det ikkje kjem inn klagar på anskaffelsen, vil Statens vegvesen signere kontrakt med NCC Norge AS etter at denne fristen har gått ut.
Det største prosjektet i Bypakke Ålesund
Med dette tilbodet er vi innanfor styringsramma for prosjektet som er på 2,6 mrd.kr (2023 kr). Her er alle kostnadar med (også MVA). Styringsramma er auka med over 500 millionar kroner sidan Stortinget vedtok Bypakke Ålesund i 2021 pga. den kraftige prisstigninga i anleggsmarkedet.
Den nye vegen vil i hovudsak gå i ein tunnel på 2,6 kilometer, og vil avlaste dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Det blir nytt toplanskryss i vest. Når tunnelen er åpna vil det bli bygd ny gang- og sykkelveg på heile strekningen. Det blir siste entreprise i prosjektet.
Prosjektet vil gi eit stort løft for bydel Lerstad og Åse. Gjennomgangstrafikken blir flytta vekk frå nærmiljøet, og ny gang- og sykkelveg gjer det tryggere å bevege seg i området.
Anleggstart blir i februar/mars – meir informasjon vil kome i god tid før det. Det vil også bli eit informasjonsmøte før oppstart.
Her vil den nye Lerstadtunnelen gå. Den skal stå ferdig i 2027.
Statens vegvesen
Les meir om prosjektet her
Video av nye 136 Breivika-Lerstad
Illustrasjon av det nye Lerstadkrysset.
RedAnt / Statens vegvesen