No begynner bygginga av nytt kollektivknutepunkt på Moa

I veke  34 startar entreprenør Vasto Anlegg AS bygginga av nye busslommer på E136 ved Moa i Ålesund.

Veg og gangveg - Klikk for stort bileteMoa busslommer.jpg Foto: Statens vegvesen Dei nye busslommene på Moa vil ha stor betydning for framkomsten til lokalbussene, og er eit enkelt tiltak som vil gje stor effekt. Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund.

For å unngå store trafikkproblemer blir arbeidet i vegbana utført på kveld og natt. Entreprenøren planlegger å starte med kvelds- og nattarbeid frå veke 34, og dette vil pågå frem mot veke 40. I denne perioden vil Borgundvegen vere stengt frå kl. 21.00 til 07.00 søndag til fredag. Skiltet omkøyring blir via Langelandsvegen.

To gangfelt mellom Moa nord og Moa syd vil også bli stengt som følge av arbeidet. Gåande må bruke alternative traseer.

Bebuarar langs Langelandsvegen må vere forberedt på meir trafikkstøy på kveldstid, og det vil vere noko støy frå lastebilar og gravemaskiner i anleggsområdet.


Kart og oversikt over området

Borgundvegen blir stengt frå kl. 21.00 søndag kveld til kl. 07.00 fredag morgon frå veke 34 til veke 40. Grønne piler viser omkøyring via Langelandsvegen.

 Kart som viser moa-borgundvegen-stengt - Klikk for stort biletemoa-borgundvegen-stengt 
Grønne streker viser opne gangtraseer i forbindelse med bygging av E136 Moa kollektivknutepunkt.Kart som viser Moa gangbaner - Klikk for stort biletemoa-gangbaner kopi.jpg