No kan desse køyretøya også få rabatt

No blir det fremja sak i formannskapet om å innføre tilsvarande ordning med passeringstak for bompengeinnkrevjing for takstgruppe 2 som for takstgruppe 1.

Christine Rørvik

Køyretøy i takstgruppe 2

Innkrevjing av bompengar starta opp 22. august i fjor. Det er i stortingsproposisjonen lagt til grunn at berre takstgruppe 1 skal ha passeringstak. Takstgruppe 1 omhandlar køyretøy med tillatt totalvekt til og med 3500 kg, samt køyretøy i køyretøykategori M1.

Styringsgruppa i Bypakke Ålesund har difor bedt om at det blir fremja ei sak til politisk behandling om innføring av passeringstak også for takstgruppe 2, på lik linje med fleire andre bypakkar i Noreg. Køyretøy i takstgruppe 2 omfattar køyretøy med lovleg totalvekt frå og med 3501 kg, unntatt køyretøy som er registrerte i køyretøykategori M1. 

Køyretøy i takstgruppe 2 som vil omfattast av ordninga med passeringstak er i hovudsak næringstrafikk, til dømes køyretøy som frakter varer innanfor byområdet, køyretøy innan renovasjon og buss utanfor rute. 

Med passeringstak vert det meint ei ordning med eit tak på tal passeringar pr. køyretøy som det skal betalast for innanfor ein kalendermånad. For takstgruppe 1 er det i dag eit felles passeringstak på 60 passeringar gjeldande for alle bomstasjonane i bypakka. Det som presenterast no er ei lik ordning for køyretøy i takstgruppe 2.  

Kva skjer vidare? 

No skal saka først opp til formannskapet den 7. februar. Saka vert lagt fram til formannskapet som innstiller til kommunestyret for endeleg lokalpolitisk vedtak. Saka vert også lagt fram til fylkeskommunen. Kommunedirektøren innstiller på at det blir innført passeringstiltak, og så raskt som mogleg.  

Etter lokalpolitiske vedtak vil bompengeselskapet sende ein søknad til Vegdirektoratet der dei ber om at det blir fatta eit nytt takstvedtak som også inneheld passeringstak for takstgruppe 2. Vegdirektoratet fattar på grunnlag av søknaden, inkludert lokalpolitisk tilslutning, endeleg godkjenningsvedtak i saka. 

 Les om månadstak her