Om lag halvparten av bompasseringane er gratis

Ålesundarane har gripe sjansen. Etter berre nokre veker er nesten 92 prosent av trafikken i bomstasjonane med brikke, gyldig avtale og avslag. Det er meir enn Trondheim som har hatt bomstasjonar i fleire år.

Viser en veg og bom over vegen med kamera.. - Klikk for stort bileteBomstasjon på Klipra 

Dei første tala etter oppstart av Bypakke Ålesund har kome. Etter 24 dagar viser statistikken at 91,6 prosent av passeringane er gjort av køyretøy med brikke og gyldig avtale.

Med avtale følgjer fordelen med at du berre betalar for maks ei passering i timen og maks 60 passeringar i månaden. Så langt har denne fordelen gjort at om lag halvparten av passeringane i bommane er gratis. Dette vil endre seg etter kvart som folk har hatt brikke ein heil månad og månadstaket på 60 passeringar slår inn.

Berre 8,4 prosent av dei som køyrer gjennom bompengestasjonane betaler fullpris. Men desse har betalt 21,1 prosent av pengane som har kome inn til no.  

Sjå korleis du skaffar deg brikke og gyldig avtale her.

20,46 prosent elbilar

Andelen elbilar som har passert bomstasjonane dei første vekene er 20,46 prosent. Det er tilgjengjeld mindre enn for Miljøpakken i Trondheim der andelen elbilar er på 27,7 prosent. Talet på elbilar er forventa å auke i Ålesund.

Til saman er det på dei første 24 dagane av bompengeinnkrevjinga vore 2,4 millionar passeringar, i snitt 100.000 passeringar per dag. Til saman har dette gitt ei inntekt på om lag 25 millionar kroner som er i tråd med grunnlaget for å vedta innføring av Bypakke Ålesund.

Færre bilar på vegane

Samtidig med oppstart av bompengar får også ålesundarane tilbod om gratis buss. Dette gir endringar i trafikken. Etter berre 24 dagar er det for tidleg å seie noko om kva dette vil bety over tid, men så langt viser tala mellom anna om lag 10 prosent færre bilar gjennom Volsdalen i snitt på ei av målevekene mot same veke året før, 8 prosent færre i Skutvika, 15 prosent færre på målepunkt Spjelkavik sør og 8 prosent færre på Spjelkavik vest. Trafikken gjennom Brusdalen er redusert med om lag seks prosent.

På Bjørge på Ellingsøya har derimot trafikken auka med om lag 10 prosent, eller om lag 300 bilar per dag. Ellingsøytunnelen har ikkje auka like mykje. Der er trafikkauken 6 prosent.

Fleire syklistar

Tala for endring av biltrafikken er henta frå ei tilfeldig valt veke og etter berre ein kort periode med bompengar. Det er difor venta endringar. Det same er knytt til tal for syklistar, men både målepunkta på Nørve og Borgundvegen viser god auke av talet på syklistar.

Dobbelt så mange på bussen

I ein periode frå 22. august til 22. oktober har ålesundarane tilbod om gratis buss. Dette gir utslag på buss-trafikken der enkelte linjer nesten har dobla trafikk.

Linja Sentrum-Moa-Magerholm har til og med meir enn dobbelt så mykje trafikk og ein auke på 127 prosent, men her er det også endringar i sjølve tilbodet med at linja går om kvelden og i helgane.

Både bussen på Fjelltun og Larsgården har ein auke på om lag 90 prosent medan ruta frå Hessa til Myrland aukar med 66 prosent og ruta frå sentrum til Fremmerholen har ein auke på 44 prosent.

Ålesund kommune