Posthuskrysset får midlertidig omkøyringsveg

Frå torsdag 16 november blir vegen lagt om på E136 i Ålesund sentrum. Posthuskrysset blir delvis stengt, men det kjem ein ny, midlertidig veg som vist i illustrasjonen. Denne sørger for at gjennomgangstrafikken på strekninga går omtrent som i dag.  

kartutsnitt over Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteAnleggsområdet er merka med blått. Omkøyringsvegen ved krysset er merka med oransje. Rambøll

Arbeidet med kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum er delt inn i ulike fasar, slik at det ikkje blir byggearbeid i alle områda samtidig. Anleggsområdet flyttar som planlagt over til posthuskrysset og delar av Keiser Wilhelms gate frå 16. november. Dei første vekene vil arbeidet i hovudsak føregå i krysset, slik ein kan behalde parkeringsplassar lengre i byggeperioden.

Posthuskrysset blir opna for trafikk i april, og ein kan då køyre inn i Korsegata frå krysset. Heile prosjektet vert ferdigstilt hausten 2024.  Sjå meir informasjon på prosjektsida. 

Endra busstrasè

Frå torsdag 16. november vil bybussane ha haldeplass St. Olavs plass i staden for Korsatunnelen. Dette gjeld busslinjene 1, 10, 11, 12, 18 og 21.

Leddbussar på linje 1 vil køyre ned Røysebakken og betene haldeplassane Kiperviktorget og Ålesund rådhus. Haldeplassane Utstillingsplassen, Parkgata og St. Olavs plass blir ikkje betent av avgangar som blir køyrt med leddbuss. Det står informasjon om haldeplassar i FRAM app og på frammr.no