Aco Anlegg signerte kontrakta torsdag 25. mai. Frå venstre: Torbjørn Vatnehol, Hanne Skrede og Kannan Ponnampalam frå fylkeskommunen. Thea Elise Vestre Aasen og Asle Drabløs frå Aco Anlegg AS. Dagleg leiar Tarjei Rødset var ikkje til stades.
Møre og Romsdal fylkeskommune
ACO Anlegg vann anbodet, og er klare til å bidra til ei oppgradering for sentrum som eit av prosjekta i Bypakke Ålesund. Dei var også entreprenør for tiltaka som blei gjort for tryggare skuleveg fleire stader i 2022.
Det er flott at vi får ACO Anlegg med på laget. Vi har samarbeida godt med dei tidlegare, og det er ekstra gledeleg at det er ein lokal entreprenør, seier Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar i Bypakke Ålesund.
Kontraktsummen for oppdraget er på 74 millionar kroner eks. MVA. Aco Anlegg fortel at dei er svært tilfredse med å ha fått jobben i Ålesundsgatene, som i lokal målestokk er ein stor jobb.
Vi ser på jobben som krevande med tanke på all trafikken som er tett på anlegget, seier Tarjei Rødset, dagleg leiar i Aco anlegg. Det blir viktig at vi får lagt gode planar for gjennomføringa og at prosjektet i så liten grad som mogleg blir ei belastning for trafikk og næringsdrivande.
ACO Anlegg planlegg å starte opp arbeidet i Korsegata i midten av juni, men dette kjem det nærmare informasjon om. Første del av prosjektet skal vere ferdig i november.
Meir effektiv bussavvikling
Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom Hessa og Moa. Med ny løysing for buss i sentrum blir det av- og påstiging i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata. Prosjektet vil også frigjere plass til vidare utvikling av Sørsida.
Dette blir ein del av eit meir effektivt buss-system for heile byen, i tillegg til at området blir finare å opphalde seg i, seier Vatnehol.
Byggearbeidet vil foregå i etappar, og det vil heile tida vere mogleg for fotgjengarar å gå gjennom gatene på tilrettelagte gangvegar. Fylkeskommunen er i dialog med næringsdrivande om mellombelse løysingar for varelevering og tilkomst til garasjeanlegg.
Byggetida blir om lag 1,5 år.
Les meir om prosjektet kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum.
Les meir om byggeperioden for kollektivknutepunkt.
Prosjektet blir eit løft for gatene i Ålesund, og det blir betre tilrettelagt for buss.