Signerte kontrakt for nytt fortau og sykkelfelt i Skarbøvika

Onsdag 28. juni signerte Møre og Romsdal fylkeskommune kontrakt med Mesta for tilrettelegging for sykkel og gåande i Tonningsgate. 

Fem personar ved roll up.  - Klikk for stort bileteFrå venstre: Prosjektleiar Eirik Endestad og Bjørn Inge Falling i Mesta. Prosjektleiar Torbjørn Vatnehol, byggeleiar Eduardo Gutierrez og avdelingsingeniør Kannan Ponnampalam i Møre og Romsdal fylkeskommune. Else Britt Ervik

Mesta vann anbodet på prosjektet som inneheld ei oppgradering av vegbana, i tillegg til etablering av sykkelfelt og fortau. 

- Det er flott at vi får Mesta med på laget. Det er ein erfaren entreprenør som vi har god erfaring med frå tidlegare, seier Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar i Bypakke Ålesund.

Strekninga som skal utbetrast startar i svingen etter Steinvågbrua og fortset eit stykke forbi krysset til Tuenesvegen. Dette skal auke tryggleiken til dei som går og syklar. Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund.
Kontraktssummen er på 25,2 millionar kroner eks. mva.  

Prosjektleiar i Mesta, Eirik Endestad, meiner dette er eit oppdrag som passar dei bra. 

- Vi har utført mange liknande prosjekt før, og kjenner oss godt kompetente til oppdraget, seier han. 

- Vi hadde nyleg eit prosjekt med sykkelveg og fortau ved Førde sentralsjukehus, og kan hente mykje erfaringar derifrå. 

Mesta gjer jobben sjølve

Jobben som skal gjerast er å oppgradere vegbana med litt større bredde enn i dag. På begge sidene av bilvegen kjem eitt felt til fortau, og eitt til sykkelfelt. Det skal og etablerast kantstopp for buss på kvar side av Tonningsgate.

- Vi planlegg og gjere det meste av arbeidet i eigenregi, opplyser Endestad. 

- Det vil seie at vi ikkje skal bruke mange underleverandørar men gjere jobben sjølv. 

Prosjektet har oppstart i slutten av august 2023 og planlagt byggetid er om lag 10 månader. Når gata gravast opp blir det samstundes gjort arbeid med fornying av vann,- og avløpssystem og elektriske kablar. Dette blir finansiert av Ålesund kommune utanom Bypakken. 
 

Les meir om sykkeltiltaket: Tonningsgate - Brogata