Sykkeltiltak, Tonningsgate - Brogata
Møre og Romsdal fylkeskommune har oppgradert vegen mellom Steinvågsbroa og Notholmen. Vegbana har blitt oppgradert, og det er etablert to kantstopp for buss. Det er også laga sykkelfelt og fortau frå Steinvågbroa og fram mot Notholmen like før Kiwi.
Dronebilde som viser det ferdige resultatet i Skarbøvika.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Målet med tiltaka er å auke tryggleiken til dei som går og syklar, samt legge til rette for framkome til bussen.
Prosjektet vart ferdig våren 2025, og er ein del av ein framtidig plan om samanhengande sykkelveg mellom Hessa og sentrum.
Vegbana på strekninga vart oppgradert med litt større bredde enn i dag. På begge sider av bilvegen er det både fortau og raudmåla sykkelfelt. Dette er i tråd med områdeplan for bydelen Skarbøvik.
Bypakke Ålesund hadde i opphavleg midlar til å oppgradere strekninga langs Tonningsgate. I 2023 fekk vi i tillegg 15 millionar til å utvide prosjektet frå den statlege tilskotsordninga for mindre byområde. Les meir om tilskotet her.
Nyheiter om prosjektet:
Sist endra 24.08.2026 15.07