Kontrakta blei signert fredag 19. januar 2024. Frå venstre: byggeleiar Bjørn Sunde og prosjektleiar Torbjørn Vatnehol frå Møre og Romsdal fylkeskommune, og Geir Nesland Nilsen, dagleg leiar i Bertelsen & Garpestad AS.
Else Britt Ervik
Bertelsen og Garpestad vann anbodet på det omfattande prosjektet, og førebur seg no på å gi den sterkt trafikkerte strekninga ei betydeleg oppgradering. Området vil få eit stort løft, med eit meir trafikksikkert vegsystem.
- Vi er glade for å lande kontrakt med ein erfaren entreprenør som vi kjenner frå før, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol.
- No går vi inn i ei planleggingsfase med entreprenøren før anleggsarbeidet startar i løpet av februar.
Strekninga mellom Blindheim og Flisnes har gjennomsnittleg trafikk per døgn på over 11 000 bilar. I løpet av dei neste åra skal fleire kryss leggast om, i tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar. Ved Blindheimshallen kjem det ny rundkøyring.
Kontraktsummen for oppdraget er på 230 millionar kroner eks. MVA.
- Vi takkar for tilliten med bli tildelt dette oppdraget, og gler oss til å starte arbeidet så snart som mogleg, seier Geir Nesland Nilsen, dagleg leiar i Bertelsen & Garpestad AS.
Bertelsen og Garpestad planlegg å starte opp arbeidet med Blindheim – Flisnes i februar, men dette vil Bypakke Ålesund gje ytterlegare informasjon om.
Prosjektet er planlagd ferdig våren 2026, og skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet. Det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane.
Les meir om prosjektet på nettsida.