Signerte stor tunnelkontrakt i Ålesund

Statens vegvesen og NCC Norge AS signerte måndag kontrakt på nær 1,5 milliardar kroner for bygging av E136 Breivika-Lerstad i Ålesund.

Utbyggingsdirketør fra Statens vegvesen, Kjell Inge Davik (t.h) var særs glad for å skrive under på kontrakta for Lerstadtunnelen med leiar for infrastruktur i NCC, Per Jonsson (t.v). Bypakke Ålesund

Dette er eit særs viktig prosjekt for både Statens vegvesen og Bypakke Ålesund. Vi er glade for å få NCC med oss på laget, og den nye vegen vil sikre ei effektiv og framtidsretta trafikkavvikling inn mot Ålesund sentrum, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Davik signerte måndag kontrakta på 1,48 milliardar kroner saman med NCC sin leiar for infrastruktur, Per Jonsson. Den nye vegen har ei total lengde på 3,9 km, inkludert tre bruer og den 2,6 km lange Lerstadtunnelen som fører trafikken frå Breivika i aust og inn mot Ålesund sentrum. Forskjeringane til den nye tunnelen står alt klare, slik at oppstart på tunneldrivinga kan starte rundt om ikkje så lenge. 

– Prosjektet passar særleg godt med NCC sin kompetanse innan veg- og tunnelbygging, og saman med Statens vegvesen har vi kome fram til ein plan som legg til rette for eit godt samarbeid. Vi er glade for tilliten vi har fått og ser fram til å starte arbeidet med dette viktige prosjektet, seier Per Jonsson i NCC. 

Her vil den nye Lerstadtunnelen gå. Den skal stå ferdig i 2027. Statens vegvesen

Feira med kake 

Signeringa vart feira med kake på vegvesenet sitt prosjektkontor i Olsvika, og prosjektleiar Ole Kristian Birkeland var svært glad for at kontrakten no er signert, slik at arbeidet snart kan byrje.

- Vi går no inn i ein spanande fase av prosjektet. Tunnelarbeidet vil påverke dei nærmaste naboane, men trafikken inn og ut av byen vil bli lite hindra av anleggsarbeidet det første året. Eg ser fram til den nye tunnelen blir ferdig, for den vil avlaste heile bydelen Lerstad, og fjerne trafikk som i dag går over Åse. Langs den gamle Lerstadvegen skal vi også bygge ny gang- og sykkelveg, som vil bli til stor glede for mange, seier prosjektleiar Birkeland i Statens vegvesen.

Ut over i januar og februar vil entreprenøren rigge seg til med utstyr og brakker, fram til dei blir klare til å starte opp tunneldrifta.

Det største prosjektet i Bypakke Ålesund og fylkets første toløpstunnel 

Lerstadtunnelen får to kjørefelt i hver retning, og det blir rømningsvegar mellom de to løpa for kvar 250 meter. Tunnelen blir den første toløpstunnelen i Møre og Romsdal fylke, og den vil avlaste dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelene Moa og Åse. Det blir nytt toplanskryss i vest. Den nye vegen skal også fremje miljøvenleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik.
Tunnelen skal stå ferdig til bruk hausten 2027.
 
Les meir om prosjektet her

Kontakt oss

Ole Kristian Birkeland
Prosjektleiar Bypakke Ålesund, Statens vegvesen
E-post
Mobil 90 96 87 12