Skilt med prisar på bomstasjonar

I Bypakke Ålesund er der ikkje skilt som viser prisar når ein køyrer gjennom bomstasjonen. Det er kun ved strekningsvise innkrevjingar som til dømes Nordøyvegen at ein må ha skilt som viser prisar. Dette er i tråd med dei nye reglane frå 2018 for skilting i automatiske bomstasjonar, og Bypakke Ålesund følgjer desse.

Viser en veg og bom over vegen med kamera.. - Klikk for stort bileteBomstasjon på Klipra

 
På Vegamot sine sider kan ein sjå informasjon om takster og rabatter. I Bypakke Ålesund er alle prosjekt samla i ein stor prosjektportefølje, og alle bompasseringar går inn i potten til denne porteføljen. Du kan sjå prisar her vår heimeside og lese meir om alle prosjekta våre.