Illustrasjon Blindheim Flisnes-Dette er ein milepæl i prosjektet. Vi trur dette kan være ei kontrakt som er interessant for mange entreprenørar, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol.
Ein planlegg å inngå kontrakt med entreprenør i starten av januar. Byggeperioden vil vare i om lag 2,5 år frå januar 2024, og skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet. Det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane.
Strekninga mellom Blindheim og Flisnes har gjennomsnittleg trafikk per døgn på 11.000 bilar. Det har vore stor befolkningsvekst i området, og fylkesvegen er ei av hovudfartsårene for eksport ut av fylket.
-Resultatet blir eit stort løft for området, vegsystemet blir meir trafikksikkert og prosjektet legg betre til rette for mjuke trafikantar, seier Vatnehol.
Sjå meir informasjon på prosjektet si nettside.