
I samband med omfattande renovering av vass- og avløpsleidningar i Spjelkavik sentrum vart det, i samarbeid mellom Bypakke Ålesund, Ålesund kommune og Møre og Romsdals fylkeskommune, vedtatt å legge om krysset til Vasstrandvegen og etablera ny busslomme for å redusere forseinkingar på bussrute 1 og 2.
Prosjektet, som opphavleg var planlagt gjennomført i 2021 som ei avgrensa utviding av eit VA-tiltak, utvikla seg til eit mykje meir omfattande tiltak både fysisk og økonomisk. Store forseinkingar oppstod som følge av langvarige byggesaksprosessar, privatrettslege avtalar og omfattande krav til utgreiingar og løyve knytt til flaum, naturverdiar og inngrep i vassdrag.
Nødvendige avklaringar kom først på plass hausten 2024, slik at arbeid med utviding av bruer over elv og kanal kunne starta, medan krysset hadde mellombels løysing fram til fase to. Prosjektet vart ytterlegare utvida til å omfatta flaumvollar og flaumvegar, fortau, tryggare skolevegar og dessutan handtering av forureina grunn, med omfattande tiltak for å hindra forureining av elva. Arbeidet med bruene viste seg å vere vesentleg meir krevande enn føresett på grunn av utfordringar med grunnvatn, innsig frå elva og tilpassing til eksisterande konstruksjonar.
I tillegg inngår tiltak som sykkelparkering og benkar på masseutskifta område, og dessutan eit pålagt erstatningstiltak i vassdraget som først kan gjennomførast i 2026.
- Byggherre: Ålesund kommune
- Status: Ferdigstilt 2025