Kollektiv – raskare og enklare å ta bussen

I Ålesund har vi mange både over og under 18 år som fortener et godt kollektivtilbod. Bypakke Ålesund har eit mål om heile 15% kollektivdel innan 2030.

Buss er heilt nødvendig for å dei som ikkje har tilgang på bil, og eit godt alternativ for mange innbyggarar i Ålesund. Samtidig er bussen viktig for å avlaste vegnettet og ta vare på miljøet.

Dei nye kollektivknutepunkta gjer bussreisa enklare og meir effektiv for passasjerane, med direkte av- og påstiging langs ruta i staden for at bussane står og ventar lenge og tek opp plass.

Eit eksempel på mindre tiltak for buss er prioritering av buss i lyskryss. Visste du at FRAM-bussane får automatisk grønt lys i fleire av lyskryssa i Ålesund no?

Vi har også samarbeida med Fram for å finne ut korleis rutene bør sjå ut for at flest mogleg enkelt skal kome seg av og på bussen. Nye kollektivknutepunkt, gatestopp på Moa og snuplass på Slinningen gjer at bussen må køyre færre omvegar. Det gjer at bussturen er kortare og dermed går fortare for fleire.

Effektive ruter nært der folk ferdast

Forsking viser at det mest ideelle er å ha eit busstopp innan 400 meter unna der ein bur. Då bruker ein berre fem minutt på å gå til busstoppet. Innanfor linje 1 i Ålesund bur 71% av alle innbyggarar innan 400 meter unna eit busstopp. I tillegg har 77% av arbeidsplassane tilgang på busstopp innan 400 meter. Vi veit altså at det løner seg å gjere desse linjene så effektive som mogleg.

Kanskje du som køyrer kan bytte ut bilen med bussen av og til?