Trygg skoleveg - tryggare til og frå skolen

Barn og unge fortena trygge skolevegar, og vi jobbar spesielt med å utbetre små og store hinder dei møter på veg til og frå skolen. 

Illustrasjon som viser to barn som går til skolen - Klikk for stort bilete

For å sikre skulevegen er det fleire tiltak som kanskje ikkje ser så store ut, men som har stor betydning for mange. Fleire av tiltaka betra også sikkerheita til bilistane og syklistane.

Fleire små og store tiltak

Eksempel på slike tiltak er økt belysning i fotgjengarfelt, nye fotgjengarfelt, oppstramming av kryss og avkøyringar og betre tilgang til busshaldeplassar. I tillegg bygg vi fleire nye fortau og sykkelvegar.

Kanskje du har lagt merke til forbetringar der du bur allereie? Og om du som bilist må slakke litt ned i krysset som følge av ei oppstramming, så er det ofte for å gjere skolevegen tryggare.

Sjå alle trygg skoleveg-prosjekta i Bypakke Ålesund