Naboinformasjon

På denne sida vil vi samle nyttig informasjon til naboar av prosjektet Breivika-Lerstad. 

Lerstadtunnelen - Klikk for stort bilete Amy Elise Floen Alnes, Statens vegvesen

Arbeidet med ny innfartsveg til Ålesund, med bygging av tunnel, kryssområder og gang- sykkelveg medfører ein del utfordringar for naboane. 

Sprengingsarbeidet var ferdig tidleg i mars 2026, då det var gjennomslag i det andre tunnelløpet.

Meldingsteneste på nett

Vegprosjektet har ei kartbasert meldingsteneste på nett. Har du spørsmål eller noko du ynskjer å melde inn om støv, støy, framkomst, vibrasjonar eller andre utfordringar, kan du melde det inn til oss her!

Tenesta fungerer i korte trekk slik at du går inn på nettsida, hakar av kva tema det gjeld (støy, støv, vibrasjonar, ynskje om informasjon m.v.), skriv eit par setningar og klikker i kartet for å knyte førespurnaden til ein spesifikk plass. Det er viktig å angi så nøyaktig tid som muleg, slik at vi kan følgje opp hendingar. Dei som nyttar tjenesta vil også sjå på kartet kva meldingar som allereie er meldt inn, slik at dei slepp å melde inn saker som andre alt har rapportert om.

Gå til meldingstenesta for E136 Breivika-Lerstad.

Nabodialog

Statens vegvesen inviterer til mindre nabomøter og synfaringar i byggeperioden etter behov. Målet er å sikre at naboar som er råka av byggearbeidet har tilgang til god informasjon og dialog. Nabomøta er som regel for naboar i eit avgrensa området. Dei det gjeld blir kontakta direkte.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med nabokontakt for prosjektet, Synnøve Flisnes, på nabo.lerstadtunnelen@vegvesen.no