Har du AutoPass-avtale for ferje eller frå ein annan stad i landet?

Har du ein AutoPass-avtale og ein brikke frå ein annan stad i landet så er den også gyldig for Bypakke Ålesund. Det er ikkje ein eigen avtale som gjeld for Bypakke Ålesund, gyldig avtale gjeld for alle bompasseringar i Norge.  Dersom du berre har Autopass-avtale til ferje, må du oppdatere den for Bypakke Ålesund.

Bil køyrer gjennom bom - Klikk for stort bileteBil køyrer gjennom bom Bypakke Ålesund

 

 

Kort om AutoPASS-avtale

  • Har du ein gyldig AutoPASS-avtale med brikke, så vil den gjelde i Bypakke Ålesund og andre bompengeanlegg i AutoPASS-Samvirke. Men, brikka kan også vere knytta til ein forskotsavtale på AutoPASS-ferje og dette er to separate ordningar. Forskotet på AutoPASS ferje vil ikkje kunne brukast for bompasseringar på veg. Bompengane vert fakturert på etterskot frå  selskapet der du har bestilt brikke. Skal du ha avtale både for ferje og veg, må begge avtalane vere oppdatert med korrekt informasjon for å vere gyldig. 
  • Når du bestiller AutoPASS-avtale får du tilsendt ei brikke som skal festast i frontruta på bilen.
  • Då blir passeringane dine automatisk registrert, og du får rabattane.
  • Det er fleire selskap som tilbyr AutoPASS-avtale, og du får lik rabatt uavhengig av kven du har avtale med. Selskapa kan konkurrere mot kvarandre på andre ting enn rabattar i bomstasjonane, men per i dag kjenner vi ikkje til store forskjellar mellom selskapa.
  • Dei som manglar AutoPASS-avtale får faktura for alle bompasseringar utan rabatt. Fakturaen kjem då frå Vegamot.


Aktuelle lenker: