Bypakke Ålesund - Festbrems eller byutvikler, spør The North West
Er det liv laga for næringsliv og vekst i regionen vår? Kva må til for å lukkast i framtida? Dette er spørsmål The North West stiller når dei inviterer til arrangementet: «The North West 2023: Liv Laga!» - 26.-29. april.
Sentrumsutvikling
Bypakke Ålesund – festbrems eller byutviklar, spør The North West og inviterer til arrangement torsdag 27. april klokken 08.30-11.30 på Parken kulturhus. Bypakke og kollektivknutepunkt er temaet for dette spennande arrangementet, leia av programleiar Pål Bakke. Diskusjonen vil også dreie seg om samfunnsutvikling og kva andre verktøy som kan vere aktuelle for å fremje berekraftig transport i byane våre.
Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, vil presentere Bypakke Ålesund innleiingsvis. Ålesund kommune, fylkeskommunen og Statens vegvesen vil snakke om Bypakke Ålesund og presentere sentrumsprosjekta. Dronninga Landskap skal blant anna vise illustrasjonar på korleis det nye kollektivknutepunktet i sentrum vil bli sjåande ut når det skal stå ferdig i 2024. Vi kjem også til å få framlegg frå blant anna Fiskertorget, Moa og Gårdeiernettverket. Arrangementet vil innehalde ein paneldebatt med ulike aktørar som vil dele sine erfaringar og perspektiv.
Arrangementet er opent for alle og dørene opnar klokka 08.00. Det kostar ingenting å delta. Bli med og lær meir om korleis bypakkar og kollektivknutepunkt kan bidra til å utvikle byane våre på ein berekraftig måte!
Meld deg på her
The North West
Arrangementet til North West The North West ønsker å ha eit tett samarbeid med ulike samfunnsaktørar og dei ønsker å belyse korleis samfunnet vil sjå ut i framtida. The North West ønsker å bygge relasjonar, auke kunnskap, dele erfaringar og utfordre etablerte sannheiter med eit ønske om arbeide for å nå berekraftsmåla saman.
Les meir om arrangementet The North West: Liv laga! her
Her kan du sjå presentasjonane frå arrangmentet:
- Ordførar Eva Vinje Aurdal - Kva er Bypakke Ålesund (PDF, 668 kB)
- Dronninga Landskap - Gode byrom (PDF, 28 MB)
- Jøran Mentzoni, Ålesund kommune - Medverknad (PDF, 967 kB)
- Torbjørn Vatnehol, Møre og Romsdal Fylkeskommune - Kollektivknutepunkt i sentrum (PDF, 4 MB)
- Olav Megrund, Statens Vegvesen - Keiser Wilhelmsgate fra Hotel Waterfront til Posthuskrysset (PDF, 2 MB)
- Christine Rørvik, Ålesund kommune - Kommunikasjon i Bypakke Ålesund (PDF, 3 MB)
- Inge Rønstad, FRAM - Omlegging av kollektivtransport (PDF, 719 kB)