Bompengar

Bypakke Ålesund blir finansiert gjennom bompengar og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. På denne sida finn du praktisk informasjon om bompengar i Ålesund. Innkreving av bompengar i Ålesund startar 22. august 2022. 

Status, mars 2022: Statens vegvesen er i gang med arbeidet der bomstasjonane skal stå. I mars og april blir det gjennomført grunnarbeid og satt opp tekniske hus, og tidleg på sommaren kjem sjølve bomstasjonane.

 Gå til oversikt over bomstasjonane

AutoPASS-avtale gir rabattar

Bypakke Ålesund anbefala alle bileigarar å skaffe seg AutoPASS-avtale for å få tilgang til rabattordningane. Det er fleire ulike selskap som tilbyr AutoPASS-avtale, og rabattordningane gjeld uavhengig av kven av desse du inngår/har avtale med. Meir informasjon finn du på AutoPASS sine sider.

Generell informasjon

  • Bypakke Ålesund kan krevje bompengar i inntil 15 år, men foreløpige utrekningar tyder på at det blir om lag 12 år.
  • Bomfri gjennomkøyring: Plasseringa av bomstasjonane sikrar at bilar som skal køyre gjennom området på E39 frå Blindheimsbreivika/Vegsund til Brusdalen slepp å betale bompengar. Du må komme inn på E39 før Blindheimstunnelen og følge E39 til etter Brusdalen for å få gratis gjennomkøyring. I dette området er bomstasjonane plassert ved av- og påkøyringsrampene.
  • Tovegsinnkrevjing: Alle bomstasjonane har tovegsinnkrevjing, som betyr at du må betale bompengar i begge retningar.
  • Timesregel: Du betalar berre for første passering innanfor ein klokketime. Etter det kan du fritt passere alle bomstasjonar i begge retningar innanfor ein time, utan å bli belasta. Dette gjeld alle køyretøy med gyldig avtale og brikke.
  • AutoPASS-avtale: Dei som har AutoPASS-avtale og brikke i bilen får 20 prosent rabatt. Du får lik rabatt uavhengig av kven du har avtale med. Les meir om AutoPASS-avtale her.
  • Utan AutoPASS-avtale: Dei som manglar AutoPASS-avtale blir fakturert for bompengar utan rabatt.

Fritak for bompengar 

Forflyttingshemma kan søke om fritak. Du må ha AutoPASS-avtale, og sende søknad med parkeringsløyve for forflyttingshemma (HC-kort) til Vegamot. Meir informasjon om korleis du søker om fritak er tilgjengeleg her.

I tillegg har desse fritak:

  • Motorsyklar, mopedar og mopedbilar
  • Kollektivtransport i rute (må søke om fritak)
  • Utrykkingskøyretøy

Prisar

Personbil, inkl. hybridbilar

  • Pris med avtale: 20,80 kroner
  • Pris utan avtale: 26 kroner
  • Har du fleire enn 60 passeringar i månaden betaler du ikkje for desse. Maksimal kostnad for ein månad for ein personbil med AutoPASS-avtale blir 1248 kroner.

Elbil (nullutsleppsbilar)

  • Pris med avtale: 10,40 kroner
  • Pris utan avtale: 26 kroner
  • Elbilar med AutoPASS-avtale får 50 prosent rabatt, i tillegg til 20 prosent rabatt fordi dei har AutoPASS-avtale.
  • Har du fleire enn 60 passeringar i månaden betaler du ikkje for desse. Maksimal kostnad for ein månad for ein elbil med AutoPASS-avtale blir 624 kroner.

Takstgruppe 2, tungbil (> 3500 kg)

  • 52 kroner
  • Timesregelen gjeld også for takstgruppe 2. Det betyr at du betalar berre for første passering innanfor ein klokketime.
  • Det er ingen rabatt eller makspris per månad for takstgruppe 2.
  • Nullutsleppskøyretøy over 3500 kilo er fritatt bompengar når dei har AutoPASS-avtale. 
  • Køyretøy i takstgruppe 2 som er registrert på føretak eller brukast i næringsverksemd må ha gyldig brukaravtale og brikke. Les meir obligatorisk brikke for takstgruppe 2 her

Bomstasjonane

Det er planlagt totalt 13 bomstasjonar fordelt på tre bomsnitt. Kartet viser dei tre bomsnitta, og plasseringa til dei tretten bomstasjonane er forklart under kartet. Alle bomstasjonane skal ha tovegsinnkrevjing.

Kart over kvar bomstasjonane kjem.  - Klikk for stort bilete 

Sentrum av Ålesund

  • Volsdalen bomstasjon: på E136 i Volsdalen, mellom Ysteneset og Nørvevika (omtrent der ein passera Color Line stadion).
  • Klipra bomstasjon: Ved Borgundvegen 43 (Klipra seniorsenter).

Lerstad/Hatlane

  • Lerstadvegen bomstasjon: på innfartsvegen ved rundkøyringa på Lerstad like etter bensinstasjonen, mot Breivika.
  • Hatlaåsen bomstasjon: på Åse, rett aust for Hatlaåstunnelen (mot Moa).
  • Lerstadtunnelen bomstasjon: i den nye E136 Lerstadtunnelen når den opnar.

Moa/Blindheim/Brusdal

  • Breivika bomstasjon: mellom rundkøyringa i Breivika og den store rundkøyringa ved Moa/E39
  • Moa bomstasjon: mellom den store rundkøyringa ved Moa/E39 til og frå Brusdalen og Moa, på vegen opp mot kjøpesentera på Moa.
  • Olsvika bomstasjon: ved rundkøyringa i Olsvika, ved avkøyringa frå E39.
  • Ytterholen bomstasjon: ved krysset frå Alvikvegen på påkøyringsrampe til E39 Brusdalen. 
  • Elvebakken bomstasjon: ved rundkøyringa ved Liljedahlsbrua (mellom Blindheimstunnelen og Moatunnelen) i retning Moa-området.
  • Liljedahlen bomstasjon: ved rundkøyringa ved Liljedahlsbrua (mellom Blindheimstunnelen og Moatunnelen) i retning Spjelkavik.
  • Blindheimsbreivika bomstasjon: like ved Blindheimsbreivika 10, på den gamle hovudvegen mellom Spjelkavik og Blindheim.
  • Brusdalsvegen bomstasjon: bomstasjonen ligg på Brusdalsvegen, mellom Rødset og Brusdal, på den gamle vegen ved oppkøyringa til E39.

Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane

Trykk på bilda for å opne større versjon. 

Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete
Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete
Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete
Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete
Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete
Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete
Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete
Kart som viser nøyaktig plassering av bomstasjonane. - Klikk for stort bilete

Ansvar for innkreving

Vegamot er ansvarleg for innkrevjinga av bompengar i Bypakke Ålesund, inkludert finansiering, teknisk innkrevingsutstyr, takstar og innkreving frå kundar som ikkje har avtale. Det betyr at dersom du passera ein bomstasjon utan AutoPASS-avtale er det Vegamot som sender deg faktura. Les meir om Vegamot her.

Vil du lese meir om utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund?