Torgeir Emblem
Målet med tiltaka i Volsdalen er å sikre trygg ferdsel for dei som ferdast langs Borgundvegen. Prosjektet skulle gå frå Hellandbakken i aust til Fjellgata i vest, og bidra til betre samanhengande løysingar for sykkel mellom sentrum, Campus Ålesund og Moa.
Styringsgruppa i Bypakke Ålesund vedtok i februar 2026 å stoppe vidare arbeid med prosjektet i Volsdalen. Prosjekteringa, som allereie var i gang, vart avslutta.
Prosjektet er framleis på listene til Bypakke Ålesund, men er per no ikkje finansiert. Det kan bli tatt opp att på eit seinare tidspunkt dersom økonomien tillèt det.
Samtidig har styringsgruppa bestilt ei vurdering av om det er mogleg å gjennomføre mindre tiltak for å sikre tryggare skuleveg ved Volsdalen skole. Dette er foreløpig ikkje avklart.
Aktuelt-saker om prosjektet: