Bypakke Ålesund stoppar prosjekt i Volsdalen

Styringsgruppa i Bypakke Ålesund har vedteke å stoppe vidare arbeid med prosjektet i Volsdalen. Prosjekteringa, som allereie var i gang, blir og avbrote. Prosjektet er per no ikkje fullfinansiert i handlingsplanen til Bypakke Ålesund.

Skole - Klikk for stort bileteVolsdalen skole Torgeir Emblem

Prosjektet omfattar ny sykkelveg, oppgradering av fortau, fornying av busstopp og utbetring av vegbane langs Borgundvegen, og skulle inngå som del av ein større sykkeltrasé mellom sentrum og Campus Ålesund.

Tiltak for mjuke trafikantar

Målet med tiltaka i Volsdalen har vore å sikre trygg ferdsel for skuleelevar, pendlarar, studentar og andre som ferdast langs Borgundvegen. Prosjektet skulle gå frå Hellandbakken i aust til Fjellgata i vest, og bidra til betre samanhengande løysingar for sykkel mellom sentrum, Campus Ålesund og Moa.  

Prosjektet er framleis på listene til Bypakke Ålesund, men er per no ikkje finansiert. Det kan bli tatt opp att på eit seinare tidspunkt dersom økonomien tillet det.

Styringsgruppa har samtidig bedt Ålesund kommune gjere ei oppdatert vurdering av traséval for sykkel i kommunen, spesielt knytt til strekninga sentrum – Campus.