Sykkel – tryggare og enklare å velje sykkelen

Ålesund har lenge vore dårleg tilrettelagt for sykkel, og det er det på tide å gjer noko med. No skal det bli tryggare og enklare å velje sykkelen - for 10-åringen som skal til og frå skulen, dei som syklar korte turar i nærområdet og aktive syklistar som vil halde høgare tempo. 

Gamle Ålesund er spesielt godt eigna for sykkel, med mange innbyggarar, relativt flatt terreng og kort veg frå mange bustadområde til knutepunkt som sentrum, Campus Ålesund, sjukehuset og Moa. På sikt er det eit mål med gode sykkelløysingar på heile strekninga mellom Moa og Ålesund sentrum – som sjølvsagt går innom dei store knutepunkta.

Sykkeltiltak er positivt for alle som er ute og ferdast langs vegane våre. Derfor er sykkeltiltak ein del av dei fleste prosjekta vi jobbar med i Bypakke Ålesund.

Med gode sykkelløysingar blir vegen meir oversiktleg og det blir enklare å vise omsyn til kvarandre. Samtidig unngår vi at syklistane, bilførarane og bussjåførane nyttar det same arealet.

Trygt og raskt frå A-Å

Vi har allereie fått Ålesunds første raude sykkelfelt på Åse og i Skarbøvika, og første sykkelveg med fortau på Vestmoa. Mange fleire sykkeltiltak er på blokka. Vi planlegg blant anna sykkelveg med fortau frå Moa til Lerstad, i Blindheim-Flisnes-prosjektet og langs Sørsida i sentrum.

Samtidig vert det jobba med fleire enkle tiltak som å betre sikt, ordne hol i vegen og få på plass fleire sykkelparkeringar.

Vi håpar fleire vil glede seg over utbetringane. Og hugs, fleire syklistar betyr mindre kø.