Skal vurdere tiltak ved Volsdalen skole

Styringsgruppa i Bypakke Ålesund har bestilt ei vurdering av om det er mogleg å gjennomføre mindre tiltak for å sikre tryggare skuleveg ved Volsdalen skole. 

Dronebilde som viser Volsdalen skole og vegen som går like ved  - Klikk for stort bilete Torgeir Emblem

Bypakke Ålesund hadde tidlegare eit større prosjekt med ny sykkelveg, oppgradering av fortau, fornying av busstopp og utbetring av vegbane langs Borgundvegen. Dette prosjektet vart stoppa i februar pga. manglande finansiering. Les meir om dette her

Møre og Romsdal fylkeskommune har no fått i oppdrag frå styringsgruppa i Bypakke Ålesund å vurdere om det er mogleg å likevel gjennomføre trafikksikringstiltak i området. 

- Det er riktig av oss å gjer ei grundig vurdering etter at det større prosjektet i området vart nedprioritert. Vi har bedt fylkeskommunen om å sjå på om, og eventuelt kva for, tiltak det kan vere mogleg å gjennomføre innanfor dei økonomiske rammene til bypakken. Målet er å sikre ein tryggare skoleveg i området, sei Øystein Tvedt, leiar for styringsgruppa til Bypakke Ålesund. 

Møre og Romsdal fylkeskommune vil starte på arbeidet med å vurdere tiltak i løpet av kort tid. Planen er å legge fram ei sak for styringsgruppa i Bypakke Ålesund i løpet av hausten 2026. Først då vil styringsgruppa ta stilling til kva tiltak som eventuelt kan gjennomførast.  

Vedtaket vart gjort av styringsgruppa til Bypakke Ålesund i møte 3/2026 den 22. mai 2026: Prosjektet 702 Fv. 399 Sykkelveg/ felt Borgundvegen ved Volsdalen skole (Sykkeltiltak 2) er i sin helet er stoppet som sykkelveiprosjekt grunnet kostnadsøkninger. Prosjektet inneholdt også trafikksikringstiltak for et tryggere skolevei for Volsdalen barneskole. Styringsgruppa bestiller derfor en egen sak som vurderer om, og i så fall hvilke, trafikksikringstiltak i opprinnelig prosjekt 702 Fv. 399 Sykkelveg/ felt Borgundvegen ved Volsdalen skole (Sykkeltiltak 2) som likevel kan gjennomføres som mindre selvstendige prosjekter innenfor bypakkens portefølje.