Omkøyring mellom Blindheim og Flisnes frå 7. mai

Vegprosjektet er godt i gang, men no startar arbeidet på sjølve fylkesvegen. Denne blir stengt ut 2025, med omkøyring ovanfor fylkesvegen.  

Skisse av omkjøringsveg - Klikk for stort bileteOmkøyringsvegen ligg ved sida av fylkesvegen. Møre og Romsdal fylkeskommune

Ettermiddagen onsdag 7. mai stenger fylkesvegen på strekninga mellom Blindheimshallen og Puskhola. Det blir omlegging av fylkesvegen til ny, kommunal veg langs Bjørkavollen i perioden. Den skal ligge ved sida av den eksisterande, lokale vegen. Omkøyringsvegen ligg rett ovanfor fylkesvegen.  

- Strekninga har mykje trafikk, og vi takkar naboar og trafikantar for tålmodet i byggeperioden, seier Eduardo Martinez Gutierrez. Han er prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Snart kan ein glede seg over ny rundkøyring og betre tilrettelegging for gåande og syklande i bydelen. Trafikkfarlege kryss blir fjerna, i tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar.  

- Det blir redusert fartsgrense til 50 på omkøyringsvegen, opplyser Gutierrez.  

Veg til Blindheimshallen

Fram til måndag 19. mai blir innkøyring til Blindheimshallen og Hatleholen gravlund som i dag. Frå 19. mai blir innkøyring til Blindheimshallen ved dagens busstopp “Blindheimshallen”. 

Frå 7. mai blir busstoppet flytta litt lengre mot vest, ved gangbroa.  

Illustrasjon av avkjøring - Klikk for stort bileteAvkøyring til Blindheimshallen blir som i dag fram til 19. mai. Møre og Romsdal fylkeskommune

Asfaltering før gjenopning

Arbeidet med fylkesvegen er estimert ferdig til slutten av 2025, dersom grunnforhalda er som forventa. Merk også at dersom frost kjem tidleg, kan asfaltering bli utsett til våren. Fylkesvegen kan ikkje opne før den er asfaltert.

Vegprosjektet er ein del av Bypakke Ålesund, og skal stå heilt ferdig i 2026. Bertelsen og Garpestad er entreprenør på prosjektet.