Det har vore omfattande arbeid i Tonningsgate, men det nærmar seg ferdigstilling.
Kannan Ponnampalam
Ein veit aldri kva ein finn når ein grev i gamle bygater. Dette har ein fått erfare også i Tonningsgate i Ålesund, der det er oppdaga holrom og korridorar under fortauet.
- Dette var ikkje teikna inn på noko kart, og huseigarane kjente ikkje til omfanget av konstruksjonane, seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Det var dermed umogleg å planlegge for dette på førahand.
Det eine holrommet er ein korridor som brukast til lager, medan det andre ser ut til å vere ein konstruksjon for å støtte opp fortauet. Aune fortel at det har gått ein del tid til å planlegge tiltak. Vegen og fortauet skal være trygt, utan at bygningane kjem til skade.
- Slik situasjonen ser ut har vi i stor grad kontroll på kva tiltak vi skal utføre, seier prosjektleiaren.
- Delar av løysinga omfattar likevel eit tidkrevande betongarbeid.
Forlenga sykkelveg med fortau
Prosjektet i Tonningsgate er ein del av Bypakke Ålesund, og inneheld ei oppgradering av vegbana og etablering av sykkelfelt med fortau. I tillegg til funn av holrom, har prosjektet blitt forlenga fram mot Kiwi i Skarbøvikgata. Dette har gjort at arbeidet har tatt lengre tid.
- Opphaveleg var omfanget av prosjektet å bygge i Tonningsgate fram til krysset ved Tuenesvegen, seier Aune.
- Det blei bestemt å forlenge sykkelvegen når Ålesund kommune samstundes skulle legge ny vassleidning på strekninga fram til Kiwi.
Ferdigstilling i desember
Noko finpuss og asfaltarbeid må vente til våren 2025, men det det er venta at prosjektet i stor grad ferdigstillast i desember 2024. Entreprenøren Mesta AS jobbar med å finne ei løysing for å korte ned tida med lysregulering, og det er forventa at denne blir fjerna i løpet av november.
Sjå bilder frå korridorane under bakken:
Delar av holrom under Tonningsgate.
Kannan Ponnampalam
Ein betongkonstuksjon under fortauet.
Kannan Ponnampalam
Holromma i Skarbøvika var ikkje teikna inn nokon stad, og umogleg å vite om på førehand.
Kannan Ponnampalam