Kollektivknutepunkt ved Campus Ålesund

Området rundt Campus Ålesund treng ei oppgradering, og i 2020 vart det vedteke ein områdeplan med blant anna eit moderne kollektivknutepunkt og tryggare løysingar for mjuke trafikantar. 

Kollektivknutepunkt Campus - Klikk for stort bileteKollektivknutepunkt Campus

Prosjektet i Bypakke Ålesund skulle opphavleg gjer ei betydeleg oppgradering i området, med blant anna miljøgate mellom NMK og NTNU, ny rundkøyring som erstatta tre kryss for å auke trafikksikkerheita og sykkelveg med fortau. 

I 2026 vart omfanget betydeleg redusert etter at styringsgruppa vedtok å bruke ein del av midlane frå prosjektet til å auke styringsramma til Lerstad-Campus.

Byggherre

Møre og Romsdal fylkeskommune

Status

Ventar på avklaring

Det er foreløpig ikkje vedtatt korleis prosjektet blir gjennomført. Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med eit forslag til tiltak i området innanfor den nye ramma, og har blant anna invitert aktørane ved Campus Ålesund til innspelsmøte. 

Prosjektet manglar finansiering til å bli fullført, men er framleis ein del av Bypakke Ålesund og kan få auka finansiering igjen på eit seinare tidspunkt. 

Artiklar om prosjektet

2026-06-12 Innspelsmøte gjennomført for aktørar ved Campus Ålesund

2026-06-24 Viktig avklaring for Lerstad-Campus

2025-01-22 Foreslår forenklede prosjekter

2024-09-06 Bremser planleggingen av to prosjekter