Veg - for ein smidigare kvardag

Gjennom samarbeidet i bypakken får fleire områder ei oppgradering av trafikkløysinga.

Det største prosjektet vårt er Breivika-Lerstad, med Lerstadtunnelen og nye gang- og sykkelløysingar. Den vil ikkje berre fjerne gjennomgangstrafikken som i dag går rett gjennom eit bustadområde, men også nærare halvere trafikken på Åse. Dermed er det ikkje berre nokon få som vil spare reisetid, det er mange.

Økt trafikksikkerheit

Men vegprosjekta handlar ikkje berre om å kome raskare til og frå. Det handlar også om trafikksikkerheit.

Ser vi på Blindheim-Flisnes, så er det ei strekning med mykje trafikk og fleire farlege avkøyringar. Det har dukka opp mange fleire hus og nabolag sidan vegane vart bygd, og det var på høg tid å sjå på vegane for å finne gode totalløysingar. Fleire farlege kryss blir erstatta av nye vegar og ei rundkøyring ved Blindheimshallen. Samtidig bygg vi samanhengande gang- og sykkelveg frå Flisneset til Ospedalsbakken, og oppgraderte haldeplassar for bussen.

Gjennom vegprosjekta vi bygg så vil dei som må velje bilen kome seg både tryggare og raskare til og frå. Dermed blir kvardagen smidigare for alle som ferdast i kommunen vår.