Dette jobbar vi med

Bypakke Ålesund skal gjere det enklare, tryggare og meir effektivt å komme seg rundt i kommunen. 

Eit barn går over vegen, og ein bil ventar.  - Klikk for stort bilete Kristin Støylen

Gjennom ei rekkje små og store tiltak utviklar vi vegane, byggjer betre løysingar for syklande og kollektivreisande, og sørgjer for tryggare skulevegar for barn og unge. Prosjekta våre tek ofte utgangspunkt i heilskapen i eit område, der fleire trafikantgrupper og lokale behov blir vurderte samla. Vi samarbeider også med aktørar som har leidningar og annan infrastruktur under bakken, slik at arbeidet kan samordnast best mogleg. 

Veg, sykkel, kollektiv og trygg skuleveg har ulike mål og utfordringar, men saman bidreg dei til eit transportsystem som fungerer betre for alle. På sidene under kan du lese meir om kva vi jobbar med innan dei ulike fagområda.