Denne ramma blir justert opp årleg i tråd med SSBs byggekostnadsindeks for veganlegg. Den økonomiske ramma er dermed 5,37 milliardar 2026-kroner.
Bypakke Ålesund
Finansieringa av Bypakke Ålesund består av innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. Det er også lagt til grunn at all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakken skal gå tilbake til Bypakke Ålesund.
Eigenfinansieringa til partane i 2026-kroner er:
- Statlege midlar: 859,6 millionar kroner
- Møre og Romsdal fylkeskommune: 117,8 millionar kroner
- Ålesund kommune: 252,3 millionar kroner
- Bompengar: 4,14 milliardar kroner
Innkrevinga av bompengar starta 22. august 2022, og kan vare i inntil 15 år.