Kvart døgn køyrer nær 15 000 bilar gjennom bydelen. Den nye tunnelen vil avlaste Lerstadvegen, samt avgrense trafikken på Borgundvegen og Borgundfjordvegen.
Kva skal vi bygge?
Statens vegvesen skal bygge totalt fire km. ny firefelts E136 frå Breivika til Lerstad. Den nye vegen vil i hovudsak gå i tunnel med to løp, og sjølve tunnelen er 2,6 km. I tillegg På Lerstad blir det bygd nytt toplanskryss med av- og påkøyringsramper, og i Breivika blir det ca. 350 meter ny veg frå den store rundkøyringa ved Moa til tunnelopninga.
I tillegg skal vi bygge ca. fire km. med gang- og sykkelveg på heile strekninga mellom Moa og Lerstad, og omklassifisere Lerstadvegen til kommunal veg.
Prosjektet skal forbetre heile trafikksystemet i området, og skal gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik. Lerstadtunnelen skal også bidra til meir miljøvenleg transport. Ved å frigjere vegkapasitet langs Lerstadvegen og Borgundvegen, blir bussen eit meir attraktivt val for fleire.
Framdriftsplan
Anleggsarbeidet med E136 Breivika-Lerstad starta i 2022, og om alt går etter planen blir tunnelen opna for trafikk mot slutten av 2027. NCC er hovudentreprenør på prosjektet.
Arbeidet med Lerstadvegen og gang- og sykkelveg er ikkje ein del av kontrakta med NCC, og vil bli lyst ut på anbod som eiga kontrakt saman med lokalvegane i området. Dette arbeidet er planlagt å starte opp i 2028, etter at Lerstadtunnelen er ferdig.
Bypakke Ålesund skal også bygge firefeltsveg vidare vestover til Nørvevika ved Campus Ålesund. Dette prosjektet, kalla Lerstad–Campus, har planlagt oppstart i 2030.
Byggherre: Statens vegvesen
Status: Oppstart hausten 2022. Forventa ferdig mot slutten av 2027.
Planar: E136 Breivika–Lerstad på vegvesen.no
Kontaktperson: Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen ole.birkeland@vegvesen.no