Sørsida og Brosundet

Statens vegvesen skal bygge ny gate frå Arbeideren over Brosundet og fram til Nedre Strandgate ved Waterfront hotel. Prosjektet er avgjerande for utvikling av Sørsida, og vil gi betre forhold for alle trafikanter i sentrum av Ålesund.

Byggherre

Statens vegvesen

Status

Planlegging

Statens vegvesen skal bygge ei ny gate gjennom det som i framtida blir den nye bydelen Sørsida. Den nye gata vil gå frå Keiser Wilhelmsgate v/Terminalen til Nedre Strandgate ved Waterfront hotel - med ei ny bru over Brosundet. Kommunestyret i Ålesund har vedteke at den nye gata skal vere envegskøyrt østover, og blir ei kollektiv- og sykkelgate med breie fortau. 

Dronebilde over Ålesund sentrum - Klikk for stort bilete Memoria

Nedre Strandgate vil ha tovegs trafikk som i dag men Hellebroa blir avlasta ved at Notenesgata vert envegsregulert vestover frå innkøyringa til Kremmergården. Med dette grepet får ein plass til sykkelfelt i Notenesgata utan at det går ut over gateparkering. 

Kart som viser veger i Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteIllustrasjonen viser valt trafikkløysing Statens vegvesen

Prosjektet skal supplerast med gangveg langs deler av Brosundet, og vi trur dette blir eit attraktivt samband og ein opplevingsrik gangveg både for turistar og byen sine innbyggarar. Gangvegen vil også bli ei viktig avlasting for vegnettet på dagar med mange turistar i sentrum.

Prosjektet er ein del av Sørsideplanen, som vart vedtatt i 2015. I samarbeid med Sørsida Utvikling og Ålesund kommune har vi laga ein film som forklarer korleis denne delen av byen skal sjå ut om nokre år. 

Slik vil gata på Sørsida sjå ut

Oversiktsbilde over Aspøya og sentrum som viser hvor den ny gaten kommer - Klikk for stort bilete
Skisse fra landskapsarkitekt som viser hvordan den nye gaten kan se ut. - Klikk for stort bilete
Skisse fra landskapsarkitekt som viser hvordan den nye gaten kan se ut. - Klikk for stort bilete
Skisse fra landskapsarkitekt som viser hvordan den nye gaten kan se ut. - Klikk for stort bilete
Skisse fra landskapsarkitekt som viser hvordan den nye gaten kan se ut. - Klikk for stort bilete
Skisse fra landskapsarkitekt som viser hvordan den nye gaten kan se ut. - Klikk for stort bilete

Aktuelt-saker om prosjektet: 

2026-05-22 Foreslår å redusere inngrep langs Brosundet

2026-04-09 Sentrumsprosjekt blir utsatt

2025-12-08 Vil komme i gang med ny bru over Brosundet hausten 2026

2024-07-02 Store endringar i Ålesund sentrum

2024-06-10 Prosjekter på vent

2024-03-13 Skisser viser den nye sentrumsgaten

2022-12-01 Vil finne den beste løysinga for Ålesund sentrum