Brosundet og den nye Stornesbroa sett mot nord.
Selberg Arkitekter
Bypakke Ålesund skal bygge ei ny gate gjennom det som i framtida blir den nye bydelen Sørsida. Området som blir fornya, er frå Keiser Wilhelms gate ved dagens rutebilstasjon til Nedre Strandgate ved Waterfront hotel. Det skal byggjast ei ny bru over Brosundet, og Stornesbroa er den døypt. Byggesøknaden er til handsaming hos kommunen.
Den nye strekninga vil vere ei einvegskøyrd gate med trafikk mot aust, med gjennomkøyring forbode for alt anna enn buss. Brua og gata får sykkelfelt i begge retningar. Hensikten er å forbetre framkomsten for buss, gåande og syklande og gi tilkomst til dei nye kvartala på Sørsida.
Den nye sentrumsgata strekker seg fra kryss mot Prestegata til krysset ved Arbeideren.
Aas Jakobsen
Framdrift
Detaljprosjekteringa av prosjektet er ferdig, og nabovarsler vart sende ut i april. Det er søkt byggeløyve hos Ålesund kommune, og Bypakke Ålesund håpar å komme i gang med tilbodskonkurransen vinteren 2026.
- Vi ser for oss mogleg kontraktinngåing sommaren2026, og oppstart bygging etter sommaren i september eller oktober 2026 . Prosjektet har ca 1 1/2 års byggetid, og kan stå ferdig våren 2028, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.
Oppstartstid er valgt med tanke på at prosjektet ligg i eit område med mykje aktivitet knytt til cruisenæringa. Med den planlagte framdriften blir bare ein sommarsesong belasta med anleggsarbeid.
Gangbaner nede ved Brosundet og den nye brua sett mot sør.
Selberg Arkitekter
Må tilpassast Brosundet
Den nye brua får ei seglingshøgde på 2,3 meter over høgste astronomiske tidevatn, om lag likt med Hellebroa. Breidda på Brosundet vil vere ca. 7 meter på det smalaste etter at arbeidet står ferdig. Det skal byggjast ein god del ny steinmur i området, og ny mur skal oppførast mest mogleg likt murane som er i brosundet i dag, både i utsjånad på stein og nøyaktigheit i muringa.
Fornya gate med sykkelfelt og fortau sett austover.
Aas Jakobsen
Brua og gata får sykkelfelt i begge retningar og naturlegvis breie fortau på begge sider. Det skal også byggast nye gangbaner på begge sider av Brosundet, som gir passasje til fots under den nye brua. Gangbana på austsida blir ført vidare under Hellebroa og skal avsluttas mot den eksisterande sjøtrappa ved Lorkenestorget, der den skal koplast saman med dagens flytebrygger.
Gangbanene har ei breidde mellom 2 og 2,5 meter, og vil gjere det mogleg å gå langs Brosundet frå Dronning Sonjas plass til den nye kulturhavna i sør.
Går nær vatnet
Høyda på gangbanene har vore grundig vurderte. Intensjonen i reguleringsplanen er at dei skal ligge så nær vassflata som mulig, kor gangbana på vestsida har kotehøgde 1m og gangbana på austsida 0,8 m. For å unngå at stormfloa kjem inn over gangbanene for ofte, er det søkt om å heve gangbana på austsida 20 cm slik at aust og vest får samme høgde. Dette vil redusere talet overflaumingar med 60 til 70%. Likevel vil det i gjennomsnitt skje 58 ganger i løpet av eit år.
Prosjektet er universelt utforma med unntak av nokre parti på gangbanene langs Brosundet, kor tilpassing til eksisterande fortau og kaiar vart vanskeleg å få til. Der vil difor nokre korte parti bli litt brattare enn normen. Dette vil bli grundig vurdert i byggesaken.