Sykkeltiltak, sentrum - Volsdalen

Det skal leggast betre til rette for både syklistar og kollektivtransport på den viktige strekninga frå Ålesund sentrum til Volsdalen. 

Formålet med prosjektet er å legge til rette for viktige samband for sykkel mellom Volsdalen og Ålesund sentrum. I sentrum er det trange gateløp og fleire ulike løysingar blir vurdert. Fjellgata vart valt som trasé etter eit forprosjekt gjennomført i 2024.

Byggherre

Ålesund kommune

Status

Planlegging

Målet er å legge til rette for at det blir tryggare for dei som syklar. Blant anna blir det planlagt eit nytt kryss der Fjellgata møter Fjelltunvegen, oppgradert belysning, asfaltdekke og skilting.