Ålesund kommune på befaring: Såg på nye milepelar i prosjektet Blindheim–Flisnes
Ålesund kommune var nyleg på befaring på Blindheim–Flisnes, der arbeidet har stor framdrift. Fleire av vegane i prosjektområdet er kommunale, og drift og vedlikehald går tilbake til kommunen når utbygginga er ferdig.
Daniel Rönnqvist, Ingelin Dybvik, Helene Vorren, Paul Arne Ulstein, Miroslav Vasilev, Lana Begic frå Ålesund kommune, og Eduardo Martinez Gutierrez frå Møre og Romsdal fylkeskommune
Else Britt Ervik
Det er Møre og Romsdal som er byggherre på prosjektet som omfattar både ny fylkesveg, oppgradering av fleire lokale vegar og store omleggingar av infrastruktur. Anlegget tek tydeleg form.
Rundkøyringa ved Blindheimshallen opna for trafikk før nyttår. Det same gjorde ny veg mot Ramsvika. Arbeidet held vidare fram med ferdigstilling av fylkesvegen, nye gang- og sykkelløysingar, busslommer og støytiltak.
Når heile prosjektet er ferdig tek kommunen tilbake ansvaret for dei kommunale vegane.
Sist endra 24.02.2026 11.43