Arbeid langs Borgundvegen

Arbeidet med å etablere sykkelfelt på strekninga mellom Moa og Østre Hatlaåsen fortset, og framover vil det vere ein del byggearbeid som påverkar korleis du kan ferdast i området. 

Dronebilde som viser sykkelfeltet fra luften.  - Klikk for stort bilete Statens vegvesen

Det vil både vere arbeid nært vegen som kan påverke trafikken noko, og midlertidige løysingar for gåande og syklande. Vi oppfordrar alle til å vise omsyn, og følge ekstra godt med på skiltinga i området. 

Når alt er ferdig vil det vere raudt sykkelfelt på begge sider av vegen frå Moa (ved Vindgårdsskiftet) til like før Hatlaåstunnelen (krysset ved Østre Hatlaåsen). 

Frå sjukehuskrysset mot Moa

  • På nordsida av Borgundvegen frå sjukehuskrysset til Moa vart det meste av infrastruktur under bakken ferdig i 2023. Der er fortauet åpent, men sykkelfeltet er ikkje ferdig asfaltert.
  • På våren i år starta gravinga på sørsida av Borgundvegen, med utskifting av infrastruktur under bakken frå Vindgårdskiftet og til krysset ved Borgundfjordvegen. Etter at vassleidninga er bytta ut, vil det komme sykkelfelt og fortau. Det blir ein del omleggingar på denne strekninga framover som vil påverke dei mjuke trafikantane. 
  • I løpet av september og oktober skal det bli lagt rør gjennom vegen fleire stadar. Dette vil skje på kveldstid, og dei nærmaste naboane vil bli varsla med SMS. 
  • Mellom Vindgårdsskiftet og Vestre Furmyrveg er målet å være ferdig med arbeidene i løpet av november. Då blir også sykkelfeltet asfaltert på nordsiden av Borgundvegen, helt frem til Geilebergvegen. 
  • I veke 40 blir fortauet mellom Geilebergvegen og sjukehuskrysset ferdig. Då startar arbeidet på nordsida av Borgundvegen mellom Raffelvegen og det ferdige fortauet aust for sjukehuskrysset. 
  • Ålesund kommune ønsker å bli ferdig med vassleidninga på sørsida av Borgundvegen (øst for Geilebergvegen) innan slutten av oktober. Dersom alt går etter planen, vil strekninga kunne bli asfaltert før asfaltsesongen er over for i år. Arbeidet er komplisert, og det er mange hus som må ha midlertidig vassforsyning mens leidningane blir bytta ut. Dette kan føre til forseinkingar. 
  • Det vil alltid være tilrettelagt med gangfelt over Borgundvegen, men dette kan bli flytta alt etter kvar arbeidet held på. 

Frå sjukehuskrysset mot sentrum 

  • Vest for busslommene ved sjukehuset (i retning mot sentrum) vil det bli gravearbeid på nordsida av Borgundvegen i heile oktober. Først blir det lagt nye vass- og avløpsleidningar, og deretter blir det etablert sykkelfelt langs strekninga.
  • Fortauet på sørsida av Borgundvegen vil bli stengt mellom Åsesvingen 24 og busstoppet ved Kebab 1. Det blir det laga til ein midlertidig gangveg på nordsida av Borgundvegen, og gangfelt for å krysse vegen. Inn- og utkøyring til husa på strekninga vil bli avtalt direkte med naboane når tidspunktet for stenginga er klart.