Statens vegvesen
I august 2024 fortalde Statens vegvesen at dei hadde bremsa planlegginga av prosjektet E136 Lerstadtoppen-Campus, og i januar 2025 vedtok styringsgruppa å utsetje prosjekta til etter 2028 pga. finansieringssituasjonen i Bypakke Ålesund.
Prosjekta E136 Breivika-Lerstad og E136 Lerstad-Campus var planlagt saman, og skulle opphavleg bli ferdig samtidig. Dermed var det ikkje satt av pengar til ei innsnevring til dagens veg vestover frå E136 Breivika-Lerstad.
- For å sikre god og trygg trafikkavvikling vest for Lerstadtunnelen bygg vi no ca. 400 meter med veg, inkludert innsnevring til dagens tre felt. Vi må bygge så langt for å unngå tilbakeblokkering og kø inn i Lerstadtunnelen. Påkøyringsfila vestover frå det nye Lerstad-krysset må vere avslutta i god tid før det blir innsnevring til eitt felt, forklarar Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.
- Dette arbeidet er så vidt i gang, med blant anna felling av tre og arbeid med infrastruktur under bakken.
Kostnaden for løysinga vest for Lerstad-krysset er anslått til å vere totalt 60 millionar kroner. I tillegg har det allereie blitt brukt 27 millionar kroner til prosjektering og grunnerverv i prosjektet E136 Lerstadtoppen-Campus.
Statens vegvesen la fram saka i styringsgruppemøtet 7. mars 2025, og fekk klarsignal til å bruke totalt 87 millionar i perioden fram til 2029. Løysinga vidare vestover vil bli vurdert av styringsgruppa på eit seinare tidspunkt.
Oversiktsbilde som viser overgangen frå to til eitt felt vest for Lerstad-krysset.
Statens vegvesen