Den nye omkøyringsvegen langs Lerstadvegen vart skada av flaum.
Gro Kjoss Lynge, Statens vegvesen
Eit strekk på rundt 100 meter i den midlertidig omlagte Lerstadvegen er dessverre blitt svært dårleg. Omkøyringsvegen vart hardt råka av snøsmelting og kraftig nedbør for eit par veker sidan, og midlertidig reparasjon med kaldasfalt skal nå erstattast med varm asfalt av god kvalitet.
Vegstandarden har dessverre ikkje vore så god som vi ønsker, og vi beklagar ulempene dette har medført for trafikantane, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.
Måndag 3. februar kjem varm asfalt med lastebil frå Trondheim, der nærmaste vinteropne asfaltverk finst. Asfalten skal leggjast frå kl. 18.00 måndag og ut over natta, slik at vegen er klar til morgonrushet tysdag.
Fram til då vil entreprenøren jobbe fortløpande med å vedlikehalde den dårlege strekninga, slik at den er køyrbar. Omlegginga av Lerstadvegen er ein del av bypakkeprosjektet E136 Breivika-Lerstad.
For oppdatert trafikkinformasjon, sjå vegvesen.no/trafikk