Krysset står snart ferdig, men det her blir det endra køyremønster dei neste vekene. Om du køyrer bil til og frå skulen, kan det vere lurt å planlegge noko meir tid med bil.
Ålesund kommune
Trygg skuleveg-prosjektet Øvre Skytterholmen nærmar seg no siste fase og det er kun eit par veker igjen med arbeid.
I den forbindelse blir det endra køyremønster ved skulen og oppfordrer foreldre til å planlegge noko meir tid, eller bruk av gange eller kollektivtransport.
-Det som hovudsakleg står igjen er asfaltering, montering av taktile heller, stolper, sebra-striper, belysning, samt pussarbeid og opprydding, seier prosjektleiar Tobias Hay Slinning.
Ein tryggare veg til skulen
Hovudmålet er å forbetre gangfeltet og krysset mellom Øvre Skytterholmen og Tørlevegen. Dette skal gjerast ved å stramme opp krysset, auke belysninga og generelt gjere fotgjengaren meir synleg. Ved å redusere bredda på krysset vil hastigheita på køyretøya bli lågare, og gangfeltet blir kortare. Dette vil gje større sikkerheit til barn og unge som ferdast i området.
Krysninga vil også bli justert slik at den går rett over vegen og ikkje på skrå. Prosjektet vil vere universelt utforma, med ledesteinar og intensivbelysning for å sikre god tilgjengelegheit og tryggheit for alle brukarar.
Området har mange mjuke trafikantar, spesielt barn og unge som går til Blindheim skole. Derfor er det viktig å gjennomføre desse tiltaka for å skape eit sikkert og tilgjengeleg miljø.
Ålesund kommune